Vil ta knekken på homodiskriminering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Universitas.

Parallelt med årets kommunestyre- og fylkestingsval er det kyrkjeval. Det er blåst nytt liv i debatten om homofil vigsel, og i år kan det skje ei endring. Open folkekyrkje stiller med eigne lister under årets val. Målet er at homofile skal få lov til å gifta seg i kyrkja.

– Om ein er medlem av kyrkja og einig i at me må delta i demokratiet, burde alle stemma ved årets val, seier Andreas Alexander Fosby, som er student ved Det teologiske fakultet på Blindern, og listekandidat for Open folkekyrkje i Oslo.

Sidan felles ekteskapslov vart vedteke i 2008 har Den norske kyrkja openlyst fått diskriminere homofile. Sjølv er Fosby homofil og ønskjer å bli prest.

– Me har eit ansvar for kyrkja me er med i. Om folk ikkje stemmer vil ingenting endra seg og kyrkja blir ein klubb for ein liten elite som kan halda fram å diskriminera, seier han.

LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

Nei til homofil vigsel
Fjorårets kyrkjemøte vakte kraftige reaksjonar då eit fleirtal sa nei til homofil vigsel. I 2014 meldte 11.000 personer seg ut av kyrkja, og tidlig i august i år hadde nye 7.000 nordmenn meldt seg ut. Mange har grunngjeve utmeldinga med at homofile ikkje kan gifta seg på lik linje med heterofile par innafor kyrkjerommets veggar. Open folkekyrkje ønskjer å snu medlemsflukta.

– Valdeltakinga ved tidlegare kyrkjeval har vore veldig lav og me håpar denne saka kan få folk til å stemma, seier Fosby.

Valdeltakinga under førre kyrkjeval låg på 13,5 prosent. Av i overkant tre millionar med stemmerett var det berre 418.700 personer som stemte, opplyser Den norske kyrkja på sine nettsider.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i protest

Kjæreik og kristendom
Mange har stilt spørsmål ved korleis Fosby kan være ope homofil samstundes som han ønskjer å bli prest.

– Truslivet vil akseptera meg slik som eg er og heile mitt liv. Eg har aldri møtt nokre problem  med legning på fakultetet eller gjennom studiane. Det er trass alt like store variasjonar på teologistudiet som på medisin, peikar han på.

Teologistudenten opplever at folk flest set kristendom og homofili opp mot kvarandre, men meiner sjølv religionen og legninga kan leva i skjønn foreining. No ser han fram mot årets val og har stor tru på at tida er inne for at homofile skal kunne vigslast framfor alteret.

– Grunnen til at Open folkekyrkje kan stille med eigne lister i år, er engasjementet offentlegheita har når det kjem til nettopp dette spørsmålet. Når kyrkjemøtet sa nei med berre 7 stemmer i mot i fjor, førte det til mange utmeldingar. I vaksen alder kan eg ikkje hugse så mykje engasjement rundt eit kyrkjeleg spørsmål, seier han.

LES OGSÅ: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før

Prestestudent ved ein feilDet var ikkje gitt at Fosby skulle enda på lista til Open folkekyrkje. I 2011 hamna han ved ein feil på profesjonsstudiet ved Det teologiske fakultet. Sidan han hadde søkt seg til ei årseining i teologi og studiane hadde dei same faga det første året, bestemte han seg for å byrja på teologistudiet. Der fant han òg trua.

– Då eg byrja på teologistudiet endra mi tidlegare oppfatning av kristendommen seg, og eg møtte menneskjer somgjekk i mot mine fordommar og leia meg inn i trua, forklarar Fosby.

Stor støtte
Fosby, som òg er leiar i Oslo kristelege studentforbund, jobbar aktivt for å engasjera fleire studentar i årets kyrkjeval. For å stemme ved valet må du vere medlem av statskyrkja og fylle 15 år i løpet av 2015.

– Mange i kyrkja eg jobbar i engasjerer seg i dette spørsmålet og fleire av dei tilsette og studentane ved Det teologiske fakultet stiller til val for Open folkekyrkje, utdjupar han.

Dei få gongane han har møtt motstand, skuggar ikkje for alle dei positive tilbakemeldingane han har fått på sitt arbeid.

– Fellesnemnaren er at folk er glad for engasjementet, og at nokon bryr seg om kyrkja. Ein møter ulike syn på saka, men då er det berre å ha respekt for det, understrekar Fosby.

LES OGSÅ: For få kjenner prestekallet

Det avgjerande kyrkjevalet
Open folkekyrkje stiller til val i ni av elleve bispedømme som eit alternativ til nominasjonslista frå Den norske kyrkja. Den største forskjellen mellom dei to listene er at alle kandidatane på Open folkekyrkje si liste har knytt seg til ei felles plattform, som forpliktar dei til å jobbe for ei inkluderande kyrkje.

– Det betyr sjølvsagt at kyrkja må gi homofile og lesbiske moglegheita til å gifta seg i kyrkja, seier Odd Einar Dørum, tredjekandidat for Open folkekyrkje si liste i Oslo.

Endring krev fleirtal
Dørum understrekar at det er avgjerande å få inn eit fleirtal av representantar som er for likekjønna ekteskap for å endra dagens ordning som vart vedteke etter førre kyrkjeval.

– Det er viktig å stemma inn representantar som er opne om at dei ønskjer homofil vigsel, dersom me skal endra noko, seier Dørum.

LES OGSÅ: Historisk få dåpsbarn

Kvinne og mann
Fredrik Midttømme er student ved Menighetsfakultetet og kandidat nummer 15 på Den norske kyrkja si nominasjonsliste i Oslo. Hans hjartesak er å gjera synleg dei unge i kyrkja og inkludera etniske minoritetar.

– For meg er det gudstenestefeirande fellesskapet viktig, og eg trur me som kyrkje kan styrkast av å inkludera kristne migrantar i våre eigne meinigheiter, i staden for at dei startar sine eigne, seier han.

– Kva med homofile, vil du inkludera dei?

– Eg meiner at homofile blir inkludert. Ingen skal nektast å kome til kyrkja, seier Midttømme.

– Men dei burde ikkje gifta seg i kyrkja?

– Det kristne ekteskapet baserer seg på at ein mann og ei kvinne giftar seg med kvarandre. Det er to syn i kyrkja i dag, og eg stiller meg bak det ein kom fram til ved førre kyrkjemøte, seier Midttømme.

Faktaboks

Kyrkjevalet

• Ved kyrkjevalet i 2011 var valdeltakinga på 13,5 prosent av dei med stemmerett

• Etter kyrkjemøtet i 2014 som stemte mot homofil vigsel, meldte 11.000 personar seg ut av statskyrkja.

• I år har kyrkjevalet vakt stor merksemd på grunn av spørsmålet om homofilt ekteskap