Her er dei beste bygdekinoane i landet
Film & Kino, som driv Bygdekinoen, meiner dei to lokalsamfunna har gjort ein særs god jobb med kinotilbodet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bransjeorganisasjonen Film & Kino har kåra spelestadene på naboøyane Dønna og Herøy på Helgeland til Årets bygdekino.
LES OGSÅ: Vil ha meir realistisk sex
Film & Kino, som driv Bygdekinoen, meiner dei to lokalsamfunna har gjort ein særs god jobb med kinotilbodet det siste året.
– Vi har merkt oss at både Herøy og Dønna har hatt godt besøk, sjølv om dei gode bygdekinofilmane har mangla no det siste halvåret, seier leiar Arnfinn Inderhaug i Bygdekinoen.
Dei to øykommunane får diplom og 10.000 kroner kvar som dei skal bruket til filmfestivalbesøk.
LES OGSÅ: Går til krig mot fleirtalet