Spionpartiet vann valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Garborgsenterets utstilling i høve grunnlovsjubileet, «Høgt og fritt», som hang til mai i år, var det mogleg å stemma på uvanlege parti og uortodokse kandidatar.

Me hadde laga lister over politikar som me trudde barna ville lika – og fekk inn 915 røyster.

Ikkje verst, tatt i betraktning at dei fleste gjekk i grunnskulen og hadde utstillinga som eit første møte med det norske demokratiet.

Valresultatet vart slik:

Spionpartiet 18,9 %, Godtepartiet 17,8 %, Kosepartiet 11,7 %, Naturpartiet 10,2 %, Skurkepartiet 8,3 %, Barnepartiet 7,9 %, Dustepartiet 7,3 %, Skulepartiet 6,6 %, Handelspartiet 6,2% og Politikarpartiet 5,0 %.

Det var anledning til å kumulera dei kandidatane dei likte best, men ikkje å gje slengarar. Kommunestyret fekk følgjande samansetning:

Spionpartiet, tre representantar: James Bondevik, Kalle Føter og Skummel Gibson
Godtepartiet, tre representantar: Bamse Mommsen, Håkon Ditor og Marie Kjeks
Kosepartiet, to representantar: Rosa Blom og Helle Dussen
Naturpartiet, to representantar: Mikkel Rev og Pelle Kahn
Skurkepartiet, ein representant: Palle Snekra
Barnepartiet, ein representant: Lillebjørn Olsen
Dustepartiet, ein representant: Unn Derli
Skulepartiet, ein representant: Endre Oppgaven
Handelspartiet, ein representant: Arve Rett

 

Me spurde Politikarpartiets lokallagsleiar og ordførarkandidat, Angela Merkelie, om kvifor dei ikkje fekk plass i kommunestyret.

– Politikarpartiet er det einaste partiet i årets val som ikkje kom inn. Har du ein kommentar det?

– På det nuværende tidspunkt synes jeg, på generelt grunnlag, at der er noget problematisk å ha nogen som helst formening om det.

Kva slags konstellasjonar vil valresultatet føra til? Korleis vil det gå med det allereie betente forholdet mellom Barnepartiet og Skulepartiet, til dømes? Er Skurkepartiet i det heile tatt demokratisk? Korleis vil Naturpartiet forholda seg til Handelspartiet? Vil Godtepartiet og Barnepartiet stemma i lag i alle saker som har med barn og godt å gjera? Kan me rekna Kosepartiet til denne konstellasjonen, sjølv om ein del av Barnepartiet sine veljarar er i sterk opposisjon til kos, særleg frå gamle tanter? Spionpartiet er det ikkje så godt å lesa på førehand, dei held som vanleg sine kort tett til brystet; men me veit at dei ofte hamnar på vippen som resultat av at dei ofte veit korleis dei andre partia har tenkt å stemma.

At dei får ordføraren verkar derimot sikkert. Anropsnummeret til calleren på ordføraren sitt skrivebord skal allereie ha blitt endra til 007.

Det er all grunn til å tru at det største partiet, Spionpartiet, får ordføraren. Dette vil då bli førstekandidat James Bondevik.

Me forsøkte å ringa den nye ordføraren, James Bondevik. Like før me tasta nummeret hans, ringte telefonen vår.

– Hei, det er Bondevik. Planla de å ringa til meg?

Og då me skal til å spørja kven som vert varaordførar, seier han:

– Nei, det vil eg ikkje ut med.

Men Garborgsenteret sit på informasjon som seier at dei planlegg å samarbeida med Skurkepartiet, og at alt ligg til rette for Palle Snekra som varaordførar. Full klarleik får me ikkje før Snekra slepp ut på prøve. Enn så lenge har han brev- og besøksforbod. (Tatt i betraktning dei alvorlege forholda Snekra sit inne for, har me vurdert det dithen at me ikkje publiserer bilde av han. Red. anm.)

Eit anna støtteparti kan vera Kosepartiet. Dei seier sjeldan nei til å møtast for å drøfta viktige saker over ein kopp kaffi og wienerbrød.

Førstekandidat Helle Dussen gjev klårt uttrykk for å vera glad då me tar kontakt.

– Så hyggjeleg at de ringjer. Ja, det var koseleg. Tenk, me kom inn. Å. Eg vert så rørt.

Korleis vil de bruka den moglegheita til å påverke som de nå har fått.

– Å, det må me diskutera. Ja, ta ein god og lang drøs. Me kjem til å invitera alle dei andre partia på spleisefest til helga. Eg skal laga krumkaker etter oppskrifta til bestefar.

Valets største overrasking, saman med det at Politikarpartiet ikkje kom inn i kommunestyret i det heile, var at Barnepartiet berre fekk ein representant.

Lillebjørn Olsen, du har Barnepartiet sin ordførarkandidat i dette valet, korleis forklarer du det svake valresultatet?

– Beklager, men eg får kje lov til å snakka med framande.

Ei stund seinare vert me ringt opp av partiets talsperson.

– Hei, det er fru Olsen som ringer. Eg er mor til Lillebjørn. Han har lagt seg nå, men de kan få snakka med meg.

Me avslår, og tar heller kontakt med Handelspartiet. Arve Rett seier dei allereie er i forhandlingar med dei andre partia.

– Dette vil nok dra ut, og det er me glade for.

Kvifor likar de det?

– Me er Handelspartiet og sjølvsagt for handlingar som har med forhandlingar å gjera.

Kven kjem de til å samarbeida mest me?

– Det er mange kjekke folk her, særleg dei i Dustepartiet. Dei finn ofte ikkje fram til møtelokala og det er herleg. Elles trur eg Naturpartiet er ein naturleg samarbeidspartner for oss.

Tenkjer du på noko særskilt her, herr Rett?

– Me vil gjerne selja naturen og dei vil kjøpa. Eit godt utgangspunkt for forhandlingar.

Dette blir spennande. Garborgsenteret kjem til å følgja nøye med dei neste fire åra.

Faktaboks

Ein svakheit ved valet var at valprogramma ikkje var tilgjengeleggjort for veljarane. Men mykje seier seg sjølv. Spionpartiet er for datadirektivet, dei støttar overvåking og vil auka bevillingane til PST. Som dei seier: det er ein menneskerett å kle seg ut.

Skurkepartiet, derimot, har reagert sterkt på dette med overvåking, og seier det er ei krenking av sjølvkjensla til skurkar flest. Dei meiner også at det er til hinder for at mange av medlemmane deira skal kunna utøve yrket sitt på tradisjonelt vis.

Godtepartiet er for alt som er godt, særleg godteri. Dei er imot det som er vondt, særleg brokkoli, tran og fullkorn – gjerne kalla «vondskapens akse». Som dei matmomsane dei er, er dei imot moms på mat. Dei vil tilby ekstra dessert til alle som ikkje likar middagsmat.

Barnepartiet kjem temmeleg sikkert til å følgja Godtepartiet si line i denne saka. Kosepartiet vektlegg verdien av mellommenneskelege relasjonar, helse og fritid. Naturpartiet kjemper for bevaring av naturen, artsmangfald og dyrevern. Dei er berre for kultur i dei tilfellene den beviseleg er naturleg.

Skurkepartiet har alltid gått inn for høgare fartsgrenser, lågare tollsatsar, mindre politi og open soning i fengsel. Dei vil også opna grensene. Den venstre fløyen i partiet vil i retning av anarki, medan den høgre vil ut vindauget. Barnepartiet er for liberale leggetider, lengre friminutt, lengre feriar, to laurdagar i veka og gratis inngang til Jærmuseet. Dei vil forby sjampo, eit middel til maktovergrep.

Dustepartiet brukar å vingla frå sak til sak og er generelt vanskelege å bli kloke på.

Skulepartiet er for høgare løn og betre vilkår for lærarar, skattefråtrekk for matpakke med brunost og totalforbod mot teiknestiftar på stolar. Det siste punktet har fått heftig kritikk frå Barnepartiet, som trugar med sivil ulydnad dersom det blir vedtatt. Handelspartiet er for søndagsopent og null skatt på tenesteyting.