Her står alle partia saman om å hjelpa
I denne kommunen har alle partia stilt seg bak innsamlingsaksjon som vil skaffa 50.000 til flyktningekrisa i Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter initiativ frå KrF, har no partia i Meland gått saman om ein tverrpolitisk innsamlingsaksjon for å hjelpa i flyktningekrisa i Europa.
LES OGSÅ:Lever midt i flyktningkrisa i Ungarn
– Vi bur i det rikaste hjørnet i Europa, det skulle berre mangla at vi skulle hjelpa dei som er i naud, seier intiativtakar til innsamslingsaksjonen, Stian Lavik.
Samtlege av dei politiske partia i Meland stiller seg bak aksjonen.
– Det er godt at dei politiske partia (KrF, Sp, MDG, BF, H, V, Ap og FrP, red. anm.) i Meland kan einast om ein slik innsamlingsaksjon. Dei menneska som no er i naud treng vår hjelp, seier Lavik.
LES OGSÅ: Stort behov for flyktningguidar
– No har vi som bur i Meland sjansen til å visa at vi bryr oss, seier Lavik, som óg er 2.kandidat på KrF si liste til kommunevalet i Meland. Målet er å samla inn 50 000,- kroner på tretti dagar. Det er ikkje meir enn 500 kr frå hundre personar, eller 50,- frå tusen, seier han.
I skrivande stund tirsdag ettermiddag har aksjonen alt fått inn 7350 kroner i løpet av dei to første dagane.
LES OGSÅ: Vil hjelpa flyktningar i Hellas
– Vi har laga til ein elektronisk aksjon til Røde Kors, slik at det skal vera lettast mogeleg for alle som vil å bli med. Vi kjem til å gjera den kjend på «Oppslagstavla for Meland» på Facebook og andre stader i sosiale medier, seier han.