Her spanderer dei mest på dei unge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje undersøkinga brukar norske kommunar i gjennomsnitt 100.200 kroner per barn per år, skriv Aftenposten.

På topp finn vi Modalen med 204.000 kroner per born.

På andreplass kjem Leirfjord (197.000) framfor Hamarøy (187.000). På botn ligg Halden (89.000).

Blant dei 49 største kommunane er det Porsgrunn som kjem best ut i UNICEFs poengutrekning. Så følgjer Kristiansund og Tønsberg. I andre enden av skalaen finn vi Karmøy, Arendal, Eidsvoll og Røyken.

Finn ut meir om din kommune her!

Generalsekretær Bernt G. Apeland i UNICEF understrekar at undersøkinga ikkje er laga for å henge ut enkelte kommunar.

– Vi seier ofte at å bli fødd i Noreg, er som å vinne i Lotto. Men storleiken på gevinsten avheng av kva kommune du blir fødd i. Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld kor mykje dei brukar på barna, seier han. (©NPK)