4H må truleg slanka staben med ein tredel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er konsekvensen av eit samrøystes vedtak på det ekstraordinære landsmøtet i 4H Norge laurdag. Med nokre justeringar er vedtaket stort sett det same som framlegget til landsstyret.

– Eg synest det er stort av 4H som organisasjon å greia å diskutera seg fram til eit samrøystes vedtak i ei så vanskeleg sak. Eg meiner det seier mykje om 4H, seier styreleiar Kari Heggelund, som rosar den gode stemninga og arbeidsmiljøet på møtet.

Også generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang sluttar seg til rosen.

– Eg synest dette viser kor dyktige 4H er til å takla den type utfordringar som vi står midt oppe i. Det vitnar om at alle i organisasjonen vil det beste for 4H.

Ho meiner det er godt gjort å gå inn i debatten med sju ulike forslag til vedtak og greia å samla seg om eitt forslag som til slutt blei vedteke.

Bakgrunnen for den tøffe omorganiseringa er fallande medlemstal, auka kostnader og slutt på ordninga med gratis kontorplass hos fylkesmennene frå 1. juli neste år.

LES OGSÅ: 4H med krevjande snuoperasjon

Avklaring før jul
Vedtaket seier ikkje noko om kor mange regionar det skal vera. Det er det no opp til generalsekretæren å ta vidare saman med dei tilsette og med fylka.

– Du har tidlegare sagt at det kan bli tale om fem til ti regionar. Seier du det same no?

– Ja, eg seier det same no. Eg har ikkje noko tydelegare tal enno, for no skal me ha drøftingar med tilsette der dette blir ein av dei tinga me skal diskutera.

Omorganiseringa i 4H inneber at mange av dei tilsette blir overflødige. Generalsekretæren vil ikkje gå ut med nøyaktige tal, men seier at staben på 55 tilsette truleg må reduserast med ein tredel. For å unngå uvisse og stor belastning, blir det lagt opp til ei rask avklaring.

– No går det eigentleg ganske fort framover. Me skal ha drøftingsmøte med dei tilsette neste veke. Veka etter der skal me ha samling for alle tilsette. Målet er at alle skal vita om dei er med vidare eller ikkje til jul.

LES OGSÅ: Fire nye modellar for 4H

– Framleis landsdekkjande
I vedtaket heiter det at etableringa av regionkontor skal ta omsyn til viktige kjerneverdiar for 4H som rekruttering, etablering av nye klubbar og kontakt med klubbar og medlemmer.

– Betyr dette at 4H no vil satsa sterkare der organisasjonen frå før står sterkt?

– Det er vanskeleg å seia enno, seier generalsekretæren.

Ho seier at det framleis er viktig for 4H å rekruttera medlemmer og starta nye klubbar, men at formålsparagrafen om å arbeida for aktive og samfunnsengasjert ungdom er den viktigaste styringsreiskapen.

– Vil 4H framleis vera ein landsdekkjande organisasjon?

– Ja, det vil me, men det er ikkje avhengig av kor tilsette sit, men kor medlemmene våre er og kor me har eit frivillig apparat. Målet vårt er å halda oppe aktivitetsnivået slik som i dag, slår ho fast.

Ho trur ikkje medlemmene vil merka så mykje til omorganiseringa.

– Den einaste måten dei vil merka det på er at tilsette ikkje vil koma så mykje på besøk rundt om i fylka. Dette vil frivillige i større grad no ta seg av.

LES OGSÅ: Ungdomsråd kjempar for 4H

Fleire frivillige
For å kompensera for færre tilsette satsar 4H nemleg på å byggja opp eit sterkare apparat med frivillige som kan ta over arbeidsoppgåver dei tilsette gjer i dag.

– Me veit at mange frivillige føler seg pressa, men i staden for at dei som alt er aktive skal gjera meir, ønskjer me heller å utvida områda for kva som kan gjerast – slik at me kan få fleire frivillige inn.

I 4H kan det dreia seg om alt frå oppgåver i samband med ulike arrangement til ulike typar utviklingsarbeid og redaksjonsgrupper for medlemsbladet og nettsidene til organisasjonen.

– Det er oppgåver me tradisjonelt har brukt tilsette på som me no må tenkja litt annleis på, seier Egner-Kaupang, som legg til at det er stor vilje i organisasjonen til å ta eit tak.

– På landsmøtet var 4H-arane veldig ivrige til å minna organisasjonen på at dei finst. Det betyr at 1.200– 1.300 4H-arar er klare til å gjera ein innsats. Eg trur difor det finst mange flotte ungdommar i alle aldrar som ikkje er spurde, men som er villige til å gjera ein jobb for 4H, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Storberget: 4H-kuttet bryt med lovnadane