Tar eit oppgjer med Janteloven

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Janteloven har blitt omtalt og utskjelt eit utal gonger i Noreg sidan Aksel Sandemose dikta opp lova i boka En flyktning krysser sitt spor frå 1933. Men kor aktuell er denne lova i dagens samfunn, over 70 år seinare? Svært aktuell, ifølgje forfattar Siv Oline Bjørnvåg. For nokre år sidan bestemte ho seg for å leve ut draumen sin om å drive sin eigen landhandel i bygda Alvdal. Men draumen vart snart til eit mareritt. Misunningog motviljen ho møtte i bygdesamfunnet gjorde at ho til slutt måtte gi opp draumen og flytte frå bygda.

Ifølge Bjørnvåg opplevde ho på kroppen korleis Janteloven og bygdedyren var med på å bryte ho ned. Dette resulterte i bokprosjektet «Janteloven står for fall» der Bjørvåg ønskjer å rette søkjelyset på bygder «der Janteloven er den sterkaste lov, og kor ingen lov står sterkare».

– Setninga «du må ikkje tru at du er noko» står sterkt i alle bygdesamfunn, det er som eit teppe som ligg over heile landet. Men du veit ikkje om det før du står i det sjølv. Du må ha erfart han på kroppen.

Bjørnvåg fortel at Janteloven ho merka i Alvdal vart eit resultat av folk som ikkje lukkast med ting sjølv, og difor ikkje ønskjer at andre heller skal lukkast. Folk ho før var på hels med begynte å snu ryggen til ho på butikken, og det vart hinta om ho ikkje snart skulle flytte frå bygda.

– Denne kampen sette så store spor i sjela mi at eg ikkje hadde klart å gå vidare i livet utan å skrive ei bok om det. Men eg ønskjer også å hjelpe andre gründerar, slik at dei veit kva som kan vente dei.

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.