– Risikerer fråfall og varig arbeidsløyse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje ein haldbar situasjon. Me krev for mykje av 16-åringane når me forventar at dei samstundes som dei vel yrkesveg skal kunne spå konjunkturendringane to år fram ti tid, seier leiar i Industri Energi Ungdom Johnny Håvik på telefon til Framtida.no.

LES INNLEGGET: Sand i yrkesfagmaskineriet

Ansvar for dei unge
Han peikar på at olje og gassindustrien for halvtanna år sidan skreik etter arbeidskraft, medan dei no kuttar kraftig i både arbeidsplassar og læreplassar. Han er ikkje i tvil om at mange av desse bedriftene hadde hatt råd til å halda oppe lærlingstillingane, men ser at det somme stader kan vere naudsynt med kutt.

Ein ting er han likevel klar på:

– Har me sagt at me treng arbeidskraft har me òg eit ansar for at ungdommane får fullført opplæringstida, sjølv om ting snur.

Den engasjerte arbeidaren peikar på at læretida trass alt er ein del av utdanninga til ungdommane og meiner i tillegg at delar av næringslivet i større grad burde verdsett den reelle verdiskapinga ein lærling står for.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Krevjande bytteprosess
Håvik ser at nedskjeringane i olje- og gassektoren får ringverknader òg i næringar knytt opp mot denne oljeindustrien. 31-åringen er difor uroa for alle dei ungdommane som har valt ulike typar industrifag og står utan læreplass.

Han stod sjølv i ein liknande situasjon då han valde IKT-fag rett før IT-bobla sprakk og som følgje av nedskjeringar retta seg inn mot industrien og utdanna seg til prosessteknikar.

Til dagleg er han driftsoperatør ved Hydro Husnes, men dei siste to åra har han vore frikjøpt som valgt leiar i Industri Energi Ungdom.

Håvik fryktar fråfall når ungdom ikkje får læreplass, må skifta yrkesveg og då kan risikera å mista retten til vidaregåande skule. Ungdomsretten sikrar dei unge rett til vidaregåande skule i fem år samanhengande innan dei er 24 år. Tek ein læretid vert retten utvida til 6 år.

– Me risikerer fråfall og varig arbeidsløyse når ungdom ikkje får fullført utdanninga si. Eg er ikkje berre bekymra for enkeltmenneska, fordi det er ein vanskeleg situasjon, men tenkjer òg på det samfunnsøkonomiske perspektivet.

LES OGSÅ: – Fråfall i vidaregåande aukar risikoen for trygd

Offentleg ansvar, privat hjelp
Håvik stiller spørsmål ved om dagens ordning med to år i skue og to år i lære er optimal. Han tek difor til orde for å utvida forsøksordningane med praksis undervegs i utdanningsløpet.

Slik stoda er i dag er Håvik klar på at tiltak som at det offentlege set lærlingkrav når oppdrag vert sett ut på anbod og auka lærlingtilskot er viktig for å sikra nok læreplassar.

Han meiner òg at det offentlege i større grad kunne teke ansvar for den aukande arbeidsløysa med å setje i gang prosjekt i nedgangstider. Her peikar kvinnheringen mellom anna på at Vestlandet har behov for store vegutbetringar .

I tillegg til vervet i Industri Energi Ungdom, stiller Håvik stiller som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Kvinnherad. Han vonar å gjera kommunen enno betre på lærlingar.

– Kvinnherad har vore flinke å ta inn lærlingar og ligg over KS sitt mål. Det første eg vil gjere i min kommune er å planleggja for framtidas arbeidskraft og ta inn lærlingar etter det. Spesielt innan helse og omsorg kjem me til å trenga mange fleire folk framover, seier Håvik, som til slutt har ein viktig appell:

– Sjølv om det er haust, så er det ikkje for seint for bedriftene å ta opp lærlingar, som står utan læreplass.

LES OGSÅ: NAV på skular over heile landet