Strid om ny organisering i 4H

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter eit halvt år med utgreiingsarbeid og omfattande diskusjonar, skal eit ekstraordinært landsmøte laurdag 5. september ta stilling til korleis 4H skal organiserast i framtida.

LES OGSÅ:Ungdomsråd kjempar for 4H

Ei arbeidsgruppe slo tidlegare i sommar fast at den noverande måten å driva organisasjonen på ikkje lenger er levedyktig. Fallande medlemstal, auka kostnader og slutt på ordninga med gratis kontorplass hos fylkesmennene frå 1. juli neste år er blant dei viktigaste årsakene.

5 – 10 regionkontor
Landsstyret har ikkje talfesta kor mange regionkontor det kan bli tale om, men generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang seier til Nynorsk pressekontor at det truleg vil dreia seg om mellom fem og ti regionar i staden for atten fylkeskontor slik ein har i dag.

Kor nedskjeringane kjem til å koma er det førebels heller ikkje sagt noko om.

– Kor stillingane skal kuttast er heilt umogleg å seia per i dag, men det blir kutt både i fylka og på hovudkontoret, seier ho.

LES OGSÅ: Rekordstort ungdomskurs

Hovudkontoret på Hellerud i Akershus har i dag tolv tilsette.

Generalsekretæren seier vidare at landsstyret legg opp til at hovudkontoret skal ta ein del oppgåver som fylka no gjer kvar for seg, til dømes fakturering og rekneskapsføring.

– Vi må også vri fagkompetansen på hovudkontoret på ein del område, men korleis denne vridinga blir, kan eg ikkje seia noko om no.

Landsstyret kjem ikkje med noko endeleg forslag til inndeling og plassering av regionkontor, men seier at dette er noko som blir avgjort av generalsekretæren i samarbeid med fylkesstyra etter at saka har vore drøfta med fagforeiningane.

– Svekking av fylka
Fylkeslaget for Akershus og Oslo er kritisk til den føreslegne modellen til landsstyret og har levert inn eit eige «benkeforslag» før det ekstraordinære landsmøtet.

– Vi trur dette er feil måte å gjera det på, heiter det i det innsende forslaget. Fylkeslaget fryktar at fylka vil tapa på forslaget som er lagt fram og føreslår ein modell som er meir i tråd med den ein har i dag.

LES OGSÅ: 4H med krevjande snuoperasjon

– Vi trur det no er på tide å våga og satsa der vi har mest å vinna. Vi vil difor satsa meir på fylka der 4H står sterkast. Vi er klar over at det kan vera litt kontroversielt, men vi trur ikkje vi har anna val om vi ønskjer å bli ein sterkare organisasjon i framtida, skriv fylkeslaget.

Ved å vri på arbeidsoppgåvene og la hovudkontoret ta over ein del oppgåver fylka utfører i dag, meiner dei at det kan å frigjerast nasjonale midlar som kan brukast lokalt.

– Enkelte fylke kan med forslaget vårt halda fram meir eller mindre som i dag, medan andre kanskje må gå saman i regionar, heiter det vidare i forslaget frå 4H Akershus og Oslo.

– For lite konkret
Også fleire andre fylkeslag har sendt inn forslag. 4H Vestfold meiner forslaget frå landsstyret er for lite konkret og gjev for få føringar til prosessen vidare. Fylkeslaget åtvarar mot for store regionar og fryktar dette vil gå ut over kjerneoppgåvene i fylka. Saman med 4H Nordland føreslår fylkeslaget i Vestfold ein modell med tolv regions- og fylkeskontor.

Fylkeslaget i Hedmark føreslår på si side å dela landet i sju til åtte regionar – og at Hedmark og Oppland slår seg saman til ein region.

LES OGSÅ: Fire nye modellar for 4H