Kvart femte minutt stavangerbilistar er på vegen, sit dei i kø. 21 prosent av kvardagsreisa går med til køståing, noko som gjer oljehovudstaden til køversting.

NPK-NTB
NPK-NTB

I Bergen og Oslo utgjer køståinga høvesvis 16 og 15 prosent av reisetida på såkalla kvardagsreiser, opplyser NAF til NRK. Måndag startar organisasjonen den landsomfattande kampanjen «Kampen om tida».

– Tidsklemma gjeld mange, og ei av årsakene er samferdselssituasjonen. Trafikantar brukar i dag enormt med tid på å komme fram, enten det er jobb eller fritid, seier Thor B. Jåsund, som leier samferdselspolitisk komité i NAF avdeling Stavanger og omland.

– Gjennom kampanjen skal vi vise kvar tida går tapt i trafikken og komme med konkrete løysingar, seier Jåsund. Samkøyring, kollektivreiser, sykling og fleksibel arbeidstid er nokre forslag, men Jåsund understrekar at styresmaktene må ta dei rette grepa for at trafikantane skal kunne velje rett. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE