Usikker på kva parti du skal velja? I valgomaten vår kan du sjå kva parti du er mest einig med.

Redaksjonen
Redaksjonen

På valdagen, 14. september, bestemmer du kven som skal styra kommunen din og fylket ditt. Men fortvil ikkje om du synest det er vanskeleg å velja kva parti som skal representera deg! Så lenge du veit kva du meiner, kan valgomaten visa kva parti som meiner det same som deg.

I partitesten til Framtida.no må du ta stilling til 25 påstandar om alt frå samferdsel, miljø og skule til spørsmål om kommunesamanslåing, tiggeforbod og helse. Etter du har svara på alle spørsmåla, reknar valgomaten ut kva parti som du er mest einig med, og kor einig du er med dei andre partia. Svara er oppgjeve i prosent.

Synleggjer forskjellar
Spørsmåla er valt ut for visa forskjellar mellom Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre. Me har teke utgangspunkt i politikken til partia sentralt innanfor område som er aktuelle for lokalvalet. Me vil samstundes gjera merksam på at enkelte av partia ikkje har vedteke ein politikk for spørsmålet som blir stilt.

Av kapasitetsomsyn har me ikkje tatt med alle listene som stiller til val. Sjå kva lister som stiller til val her!

Prøv andre også!
Ikkje heilt nøgd med resultatet av partitesten vår? Me vil også tilrå å prøva andre valgomatar. Andre valgomatar kan ha valt ut nokre andre spørsmål, og kan ha opna for vekting av spørsmåla. Dette kan difor gje andre resultat. Dess fleire valgomatar du prøver, dess betre innblikk kan du få i korleis meiningane dine samsvarar med meiningane til dei forskjellige partia.

NRK.no har laga denne testen!

TV2.no har laga denne partitesten!

Aftenposten har laga denne partitesten!

Dagbladet har laga denne partitesten!

Og hugs! Ikkje gløym å bruk stemmeretten din!

Har du synspunkt på valgomaten vår, eller tips om andre partitestar på nett, så er det berre til bruka kommentarfeltet under!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE