EVA er klar for valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag var det rigga til generalprøve for EVA i Oslo rådhus, der ein liten armada av valarbeidarar testa ut skannarane som skal lese stemmesetlane elektronisk, og datamaskinene som skal rekne ut resultata.

– Førebels går alt som smurt. EVA har oversikta, konstaterer Siri Dolven frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er ansvarleg for gjennomføringa av valet.

LES OGSÅ: ABC til vallokalet

Tel to gonger
Valnatta skal systemet brukast i 220 kommunar landet over. I resten av kommunane, dei fleste ganske små, vil teljinga framleis skje manuelt.

EVA består av eit valadministrasjonssystem, der alle opplysningar om både kandidatar og veljarar er lagt inn, og i tillegg teljemaskiner og resultatoversikt. Systemet vart første gong teke i bruk i ti forsøkskommunar i 2011, og innført over heile landet i 2013.

I Oslo har EVA også fått sitt mannlege motstykke, nemleg valrekrutteringssystemet ADAM. I hovudstaden skal om lag 2.000 personar bidra til at stemmegjevinga går føre seg på korrekt vis.

Men sjølv om EVA på få år har vorte ei vaksen dame, kan ikkje Dolven love at systemet vil føre til at valresultatet blir kjent tidlegare. Alle stemmesetlane skal nemleg teljast to gonger – først manuelt i det enkelte vallokale, dernest av teljemaskinene.

Valsetlane til fylkeskommunevalet blir i tillegg talde ein tredje gong – av fylkeskommunane sjølv.

LES OGSÅ: Feil i mange vallister

Kontroll
Inst i Rådhuset, under ei gedigen lysekrone i Munch-rommet, sit ein gjeng på åtte-ti personar som skal kontrollere eventuelle feil og avgjere om usikre eller feillesne stemmer skal forkastast eller ei.

– Her skal det ikkje skje noko muffens, slår leiar for valadministrasjonen i Oslo kommune Karina Miller fast.

Derimot kan det godt hende det vankar ein muffins eller to i Rådhuset – på valnatta. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om valresultatet:

Den førebelse oppteljinga av førehandsstemmene startar valdagen og seinast fire timar før vallokala stenger.

Oppteljing av stemmene frå valdagen begynner klokka 21.

Stemmene blir talde to gonger.

Andre gong blir også personstemmer til kommunestyrevalet talde.

Fylkeskommunane overtek stemmesetlane til fylkestingsvalet og gjennomfører ny teljing etter at kommunane er ferdig med oppteljing nummer to.

Resultat frå førehandsstemmer og valdagsstemmer blir rapporterte via eit elektronisk administrasjonssystem, EVA.

* Data frå EVA blir overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Etter kl. 21 blir oppdateringar fortløpande overført til nettsida valgresultat.no. Der kjem også prognosar. (©NPK)

Fakta om kommune- og fylkesvalet:

Ca. 30.000 valmedarbeidarar i heile landet.

642 lokale til førehandsstemming.

2.363 vallokale på valdagen.

196 kommunar har opne vallokale også søndag 13. september.

Administrasjonssystemet EVA blir for første gong brukt i kommune- og fylkesval.

Det inneheld elektronisk manntal, alle vallister, kandidatar, mottak og godkjenning av alle stemmene.

Det gir også oppteljingsresultat og valoppgjer.

Systemet vart brukt ved førre stortingsval.

Systemet brukast til å skanne stemmesetlar i 222 kommunar og fylkeskommunar.

Data frå EVA blir overført til nettsida valgresultat.no etter kl. 21 på valgnatta. (©NPK)