Rådgiving om spiseforstyrrelser (ROS) merkar stor etterspunad etter tilbodet. Med ny chatteteneste vonar dei å nå dei yngste.

mm

– Sosiale medier skapar eit press blant unge. Dette presset blir for stort for mange og då er mat, overtrening og oppkast ein måte å kompensera på, seier generalsekretær i Rådgiving om spiseforstyrrelser (ROS), Irene Kingswick, til NRK Hordaland.  

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

I fjor var organisasjonen i kontakt med 2700 personar frå heile landet via e-post, telefon og individuelle samtalar på sentera i Oslo og Bergen.

Det er 70 prosent fleire personar enn i 2010 og så langt i år har dei enda større pågang.

Rådgjevingstenesta tek i mot personar i alderen 13 til 70 år, med ei klar overvekt av kvinner.

LES OGSÅ: Deppa jenter har mest fysisk vondt

I september vil dei utvide tilbodet med chat for å i større grad nå dei yngre brukarane.

– Me utvidar no opningstidene på kvelden, og får frivillige frå medisin- og psykologutdanninga til å jobbe for oss. Målet er at fleire som treng hjelp tek kontakt gjennom chat-tilbodet, fortel Kingswick. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE