Ordførarar samlar seg bak klimaopprop

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forkant av klimatoppmøtet i Paris 2015 har ordføraren i Hurdal teke intiativ til eit opprop for auka klimamedvite i norske kommunar. Hurdal kommune har gjort seg kjend som «annleis-kommunen», med mål om å vere karbonnøytral innan 2025.

159 ordførarar har signert oppropet, som vart overlevert til statsminister Erna Solberg (H) onsdag denne veka. Der forpliktar dei seg til å jobbe for at lokalsamfunna rundt om i landet skal bidra positivt til klimautfordringa.

Ordførarane skal mellom anna gjere det lett å leve miljøvenleg for innbyggjarane sine, senkje utslepp frå transport, industri, næringsliv og private hushald, gjere bustadane stadig meir energieffektive og ta i bruk fornybare ressursar. Eller som det heiter i oppropet – dei skal arbeide for alt dette.

– Hensikta er å støtte regjeringa fram mot Paris 2015. Klimasaka er både lokal og global, og vi vil syne at vi som lokalsamfunn ikkje lener oss tilbake, men tek vår del, seier Bålsrud.

LES OGSÅ: Plussamfunnet i skogen

Venstre-ordføraren forklarar at oppropet med vilje er rundt formulert.

– Kvart lokalsamfunn jobbar på ulike måtar, og det må ein respektere. Hadde vi laga eit opprop med knallharde krav, så hadde mange falle av.

Bålsrud vil ikkje gå med på at oppropet har fått låg oppslutnad blant landets ordførarar.

– Eg trur vi hadde hatt langt fleire underskrifter om kommunane hadde fått lengre tid til å svare. I tillegg representererer dei 159 som har signert eit breitt utval, frå både små kommunar og store byar, og frå alle parti som har ordførarar.

Ulikt ansvar
Bålsrud håpar klimatoppmøtet i desember skal bringe verdssamfunnet eit steg i riktig retning, men er ikkje noko stor optimist. Han meiner dei norske representantane bør spele ei diplomatisk rolle, og bidra med gode døme på demokratiske løysingar.

Her heime er han oppteken av at verkemidla er ulike på ulike nivå, frå stat til kommune.

– Lokalt kan kommunane til dømes arbeide for å verte karbonnøytrale innan eit visst tidspunkt, for å kvitte seg med oljefyring, eller for å forbetre krava til areal, transport og utbygging, eksemplifiserer ordføraren.

LES OGSÅ: Stor draum i mikrohus

– Fylka spelar ei viktig rolle i å skape gode kollektivtilbod, og staten er ein sentral aktør i skape insentiv for det grøne skiftet. Alle nivå arbeider med ulike spørsmål, og har inga unnskylding for å lene seg tilbake og klage på manglande finansiering, til dømes, meiner Bålsrud.

Stor misnøye lokalt
Hilde Opoku, nasjonal talsperson og ordførarkandidat for Dei Grøne i Trondheim, meiner ordførarane har ein stor jobb å gjere på heimebane, ifølgje NPK.

Ho minner om at klimabarometeret i år viser at folk er svært misfornøgde med klimapolitikken til kommunane, samtidig som forventningane aukar.

– Dei fleste kommunane har ein plan for å kutte sine klimagassutslepp, men altfor mange stadar har klimaplanane enda opp i ei skuff.

– Dessverre har ikkje kommunane dedikerte folk som jobbar med klima og miljø. Difor foreslår Dei Grøne 600 millionar kroner til klimarådgjevarar i Kommune-Noreg, seier ho.

Summen av handlingar
Ifølgje NPK, var Erna Solberg tydeleg nøgd med initiativet.

– Sjølv om klimaet er eit globalt spørsmål, er summen av handlingane lokalt viktig. Viss ein klarer å organisere lokalsamfunna effektivt ved at ein til dømes byggjer bustader rundt kollektivknutepunkt, vil ein få ned utsleppa, seier ho.

Det er i dag store forskjellar rundt om i Noreg på kor langt ein har kome i klimasatsing og klimaførebyggjande tiltak, men Solberg meiner ikkje at det er ressursane ute i kommunane det står på.

– Først og fremst handlar det om ha medvit lokalt for eksempel når det gjeld arealplanlegging og tilrettelegging for offentleg transport, meiner ho.

LES OGSÅ: Eig meir enn vi trur