Oljeselskapa får skulda for makrellmangel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frustrerte og sinte fiskarar

Fiskarane er frustrerte og sinte etter at dei knapt har fått ein einaste fisk i det pågåande makrelldorgefisket. Skulda legg dei på oljeselskapa som gjennomfører seismikkundersøkingar.

Den siste tida har det vore seismisk skyting utanfor Sogn og Fjordane, og makrellfiskarane er overtydde om at det har skremt vekk fisken. No krev dei forbod mot seismikkskyting i og rundt tida for makrelldorging, fortel NRK.

Seismisk skyting er kartlegging av havbotnen ved hjelp av kraftige trykkbølgjer, lyden skremmer vekk fisken meiner fiskarane.

No krev fiskarane forbod mot seismisk skyting i område med makrelldorgefiske frå 15. juli og utover. Dei får støtte frå leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden.

– Det må bli eit forbod mot seismikk, om det skal vere eit fiske i framtida, seier Silden.

Ikkje håp om endring
Men pressetalsperson Eldbjørg Waage Melvær i Oljedirektoratet seier trongen for seismisk skyting er så stor at eit forbod ikkje er realistisk.

– Det er ein periode der mange selskap ønskjer å samle inn seismikk. Det er også slik at når fisket startar, så skal seismikkfartøya trekkje seg ut frå området, seier ho til NRK.

I dag er regelverket at båtane skal vike om det går føre seg fiskeri, og at det skal vere fiskerikyndige om bord, men trass i at regelverket blir følgt blir det likevel konfliktar.

Seismikkfartøya har no, etter oppmoding frå fiskarane, reist frå området. Det kan likevel gå ei tid før makrellen sig inn til kysten igjen. (©NPK)