Noregsrekord i pengar til kreftsaka

Med 815.000 kroner slo «Løp for livet»-gjengen frå Bømlorussen norgesrekorden i innsamling til kreftforeininga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Russen på Bømlo er kjende for å samla inn mykje pengar til kreftforeininga kvart år. Men i år sette dei ny rekord og det til og med for heile landet med 815.000 kroner. Julian Ersland Vevik meiner nøkkelen til innsamlingssuksessen er godt samarbeid mellom russen i  «Løp for livet»-komiteen og i forhold til resten av russen som var involvert.

LES OGSÅ: Gjekk 45 mil for kreftsaka

– Me hadde òg mange vellukka arrangement til inntekt for kreftsaka: Nattcup, nyttårskonsert, skuleløp og bedriftsløp og så hadde me bøsseaksjon. Me må jo berre takka så mykje for den store gjevargleda her på Bømlo. Både blant privatpersonar og bedrifter. Me har møtt mykje velvilje og positivitet. Målet då me starta innsamlinga, var å slå den gamle  «Løp for livet»-rekorden som var på 580.000 kroner i 2013, seier Vevik. Han fortel at han følte seg heldig som fekk vera leiar for ein sånn kjekk og samarbeidsvillig gjeng. Med seg hadde han Tonje Michaelsen Svendsen som var nestleiar.

Blant dei beste
– Eg er verkeleg imponert over  «Løp for livet»-komiteen og russen sitt innsamlingsresultat på Bømlo. Dei har gjort ein kjempeinnsats. Bømlingane har vist ein fantastisk gjevarglede. Dette er ny norgesrekord. Ingen vidaregåande skular i landet har klart å samla inn så mykje pengar før, seier Morten Heszlein Lossius, som var aksjonsleiar i «Krafttak mot kreft» for kreftforeininga sitt kontor i Bergen i førre skuleår. Han arbeider no som informasjonsrådgjevar ved same kontor.

Han fortel at nesten alle dei vidaregåande skulane i landet er med og samlar inn pengar til kreftforeininga årleg.

LES OGSÅ: Syklar Noreg rundt for kreftsaka

– Det er rundt 20.000 russ som kvart år er ute og samlar inn pengar. Bømlo har alltid vore blant dei stadene der russen har lagt høgt oppe i innsamlingsnivå. I år samla russen i Hordaland og Sogn og Fjordane inn seks millionar kroner til kreftforeininga. Dei som er med er vidaregåande skular, private og næringslivet. Dette betyr av Bømlo har gjeve om lag ein sjettedel av heile innsamlingsbeløpet for Hordaland og Sogn og Fjordane for skuleåret 2014-1015. Russen har jo klart å samla inn ein formidabel pengesum berre på Bømlo. Dette er berre utruleg fantastisk! Ja heilt rått! Tusen, tusen hjarteleg takk til  «Løp for livet» og alle som har bidrege til innsamlinga i Bømlo, seier Morten Heszlein Lossius.

Til samanlikning fekk kreftforeininga inn 35 millionar kroner for heile landet som russen ved hjelp av arrangement og gjevarglede frå private og bedrifter i skuleåret 2014-2015.