Ustabil Wikipedia-informasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visse artiklar i leksikonet, som global oppvarming, blir dagleg endra på i det demokratiske nettleksikonet Wikipedia, viser ein ny studie.

Forskarane Adam M. Wilson og Gene E. Likens fann at særleg artiklar om emne som nokon meiner er tull, til dømes global oppvarming, blir endra ustanseleg. Dei fann at den engelskspråklege artikkelen om dette emnet i åra 2003– 2012 blei endra på to–tre gonger dagleg, skriv nettavisa Forskning.no.

Artiklane om sur nedbør og evolusjon blei òg redigert fleire gonger for dagen, mens artiklar om mindre kontroversielle emne som standardmodellen i fysikk, relativitetsteorien, kontinentaldrifta og det heliosentriske verdsbiletet blei redigert mykje sjeldnare og meir varsamt.

Forskarane håpar at nettstaden i framtida automatisk kan kjenna att kontroversielt innhald og merka det med ei åtvaring.

LES OGSÅ: Wikipedia mistenkjer betalt innhald