Kaviar skal slå alle sakte-tv-rekordar
Sikker på at det blir tregaste tv-sendinga nokosinne.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skal slå alle sakte-tv-rekordar
Matprodusenten Mills er trygge på at det blir den tregaste tv-sendinga nokon har sett, når dei no skal følgje ei kaviartønne på direkten i elleve månader.
Youtube-overføringa «Mills kaviar – sekund for sekund» starta onsdag denne veka og skal gå fram til innhaldet i tønna er klar for overføring til tube 19. juli neste år. Tønna er ei av dei mange tusen som står på lageret til Mills i Finneidfjord utanfor Mo i Rana.
– Vi ventar ikkje at folk skal følgje med på dette heile tida, seier kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus i Mills til Fiskeribladet Fiskaren.
Dramatikken i sendinga kjem eit par gonger undervegs når tønna blir snudd.
Målet er sjølvsagt å marknadsføre den norske kaviaren, men òg å drive litt folkeopplysning, forklarer Vederhus.
– Først og fremst synest vi det er ein morosam måte å vise fram korleis modningsprosessen er, og at han faktisk tar lang tid, seier han. (©NPK)