Ærespris til Dronning Sonja
H.M. Dronning Sonja er tildelt Stiftelsen Norsk Kulturarv sin Ærespris 2015. Prisen blir delt ut i Ullinsvin i Vågå den 8. september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Fjuken.
H.M. Dronning Sonja er tildelt æresprisen for sin store innsats, engasjement og viktig arbeid for kulturarven, kulturlandskapet og naturen gjennom mange år.
Stiftelsen Norsk Kulturarv vil særleg nemne engasjementet for Storfjordens Venner og boka «Klangbunn», med flotte bilde og profilering av natur, kulturlandskap og kulturminne. H.M. Dronninga har også vist skaparevne gjennom utstillingar av eigen kunst.
Stiftelsen Norsk Kulturarv ynskjer også framheve H.M. Dronninga sitt engasjement i det samvitsfulle arbeidet med å restaurere Slottet i Oslo og andre av dei kongelege eigedomane.
Utdelinga av prisen vil skje i Vågå sin gamle prestegard, i prestegardshagen i Ullinsvin tysdag den 8. september klokka 18.30.
Fylkesmann Christl Kvam i Oppland og ordførar Iselin Jonassen vil vera til stades, saman med styre og administrasjon for Stiftelsen Norsk Kulturarv. Prisen blir overrekt av Norsk Kulturarv sin styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl, og programmet vil bli leia av Øystein Rudi, styremedlem i Stiftelsen Norsk Kulturarv.