Ta telefonen og bli millionær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ta telefonen - bli millionær

Saka var først publisert i Fjuken.

Mange drøymer om å få ein telefon frå Norsk Tipping på Hamar. Nå har du sjansen.

Norsk Tipping har sett i gang konkurransen «Telefon frå Hamar». Mellom 17. og 31. august vil dei ringe ein av dei verna telefonkioskane i Norge.

Det finst framleis 98 gamle telefonkioskar her i landet. Ein av dei står i Lom. Elles i Gudbrandsdalen står det telefonkiosk på Otta og Vinstra.

Den som svarar når Norsk Tipping ringer ein telefonkiosk ein stad i Norge, vinn 1 million kroner.

Telefonkiosken i Lom som står inntil lensmannskontoret. Skulle du stå i nærleiken og høyrer at det ringer, skund deg å ta telefonen. Det kan lønne seg.

Norsk Tipping vil la det ringe i eitt minutt. Dersom ingen svarer, vil ein ringe neste telefonkiosk på lista.

Aldersgrensa for å delta er 18 år.

Følg nedtellinga til konkurransestart her. 

Da denne saka vart lagt ut fredag, var dette tida som var att før konkurransen startar: 2 dagar, 23 timar, 09 minutt, 34 sekund, 33 – 32 – 31 – …

Faktaboks

Den norske telefonkiosken

Var eit resultat av at Oslo Telefonanlegg i 1932 lyste ut ein konkurranse om å laga ein enkel og billeg telefonkiosk. Den funksjonalistiske telefonkiosken «Riks» av advokat Ole Georg Fasting vart valt ut blant 93 forslag.