Filmherrar i dobbeltroller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anders Baasmo Christiansen til dømes.

Han må tenkje seg om ein liten augneblink før han ramsar opp for NTB:

– Det er «Dag» i september, «Villmark 2» i oktober og «Hevn» i november. På eit år har eg laga sju filmar og éin tv-serie.

For «Dag» held seg ikkje berre på tv-skjermen når serien vender tilbake i den fjerde og siste sesongen: Han skal òg visast på kino i fire norske byar – éin kveld «only».

– Eg trur ikkje eg får vore på den kinokvelden. Da er eg på innspeling i Hallingdal, seier han og går mentalt gjennom avtalekalenderen sin.

Første skrekkrolle
I «Villmark 2» fyller Baasmo Christiansen for første gong ei skrekkrolle, noko som var éin av grunnane til at han takka ja til regissør Pål Øie.

– Da kan eg krysse av for denne sjangeren òg, fleipa han da filmhausten tysdag vart presentert på Filmens hus i Oslo. Det vanskelegaste med å spele skrekk?

– Å tru på situasjonen. Det kjennest komisk, men du må stole på regissøren, seier Baasmo Christiansen.

Mens han er rivingsspesialist i skrekkfilmen, speler han jovial pubvert i Kjersti G. Steinsbøs film «Hevn», basert på Ingvar Ambjørnsens uhyggelege «Dukken i taket».

– Klarer du å skilje mellom rollene når du har mykje på éin gong?

– Eg prøver å unngå å spele inn parallelt! Eg liker éin karakter om dagen. Det er derfor eg slutta på teateret og vart frilans. Men eg måtte pendle mellom «Villmark 2»-innspeling i Budapest og «Dag»-innspeling i Oslo, fortel han til NTB.

Mot seg sjølv
Komikaren og radioprofilen Bjarte Tjøstheim fekk òg køyrt seg noko alvorleg da NRK-julekalenderen «Julekongen» gjekk til det store lerretet, og fortel historia vidare – tre år etter – i «Julekongen – Full rustning». I november får kinogjengarar i alle aldrar sjå Tjøstheim i to roller i éin og same film.

– Det er den største rolla eg har fått, og så skulle eg gjere to! Eg spurde regissøren, Thale Person, om det var så lurt, medgir Tjøstheim i dag.

Det syntest ho tydelegvis, for han enda med å spele både den tafatte, forkle- og husstellglade Anton – og rivalen hans, den barske, breiale politimannen Roy, ein ny figur.

– Det var utfordrande, ikkje minst å spele mot seg sjølv i same scena og skulle veksle i temperatur og intensitet mellom dei to rollekarakterane. Da spelte eg mot ein «dummy», ein tsjekkoslovakisk skodespelar som ikkje forstod noko av det eg sa!

– Kven liknar du sjølv mest på?

– Utan tvil Anton. Han er ein tilskrudd versjon av meg sjølv, tilstår Tjøstheim, som også speler i to filmar denne hausten: «Wendyeffekten» kjem på kino alt i september.

 LES OGSÅ: Fyrste nynorske animasjonsfilm

Dobbeltregissør
Tredjemann i dobbeltrolle denne hausten er regissøren Rasmus A. Sivertsen, som står bak animasjonen av to svært så kjende og folkekjære univers.

Først er han september klar med «Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin» saman med Rune Spaans. Så har den nye Aukrust-filmen hans, «Solan og Ludvig – Herfra til Flåklypa», premiere 2. juledag. Den første laga han for Tordenfilm, den andre for Maipo.

Om filmane seier Sivertsen:

– «Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin» er ein svart roadmovie, der dei to rett og slett skal redde verda. (©NPK)

LES OGSÅ: Knallsuksess for «Jul i Flåklypa»

Faktaboks

Fjorten norske haustfilmar

«Dryads – Girls Don't Cry» – Regi: Sten Hellevig (premiere: fredag 7. august)

«Pøbler» – Regi: Kari Anne Moe (premiere 21. august)

«Bølgen» – Regi: Roar Uthaug (premiere 28. august)

«Karsten og Petra på safari» – Regi: Arne Lindtner Næss (premiere 4. september)

«Wendyeffekten» – Regi: Ole Endresen (premiere 11. september)

«Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin» – Regi: Rasmus A. Sivertsen og Rune Spaans (premiere 25. september)

«Louder Than Bombs» – Regi: Joachim Trier (premiere 2. oktober)

«Sunshine Superman» – Regi: Mara Strauch (premiere 2. oktober)

«Villmark 2» – Regi: Pål Øie (premiere 9. oktober)

«Doktor Proktors tidsbadekar» – Regi: Arild Frölich (premiere 16. oktober)

«Høst» – Regi: Jan Vardøen (premiere 16. oktober)

«Hevn» – Regi: Kjersti G. Steinsbø (premiere 6. november)

«Julekongen – full rustning» – Regi: Thale Persen (premiere 13. november)

«Solan og Ludvig – herfra til Flåklypa» – Regi: Rasmus A. Sivertsen (premiere 25. desember) (©NPK)