Eirik deltek i jojo-VM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eirik (19) til VM i jojo

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Dette har vore ein draum heilt frå starten av. Det vert stort å vere med på.

Eirik «Yoyo» Sætre Hove har tatt hobbyen til nye høgder. Det som starta som ei vag interesse på barneskulen, er i ferd med å verte eit levebrød for den 19 år gamle voldingen. Måndag set han seg på flyet og vender nasen mot Tokyo og VM i jojo som vert arrangert 13. -17. august.

Førebilete
Det var ikkje sjølvsagt at han skulle verte så god. Jojo er vanskeleg, og med eit nesten ikkje-eksisterande jojo-miljø i Noreg er det ikkje enkelt å motivere seg til å trene. Då er internett til god hjelp. Og det heile starta faktisk med eit barneprogram på TV i ung alder.

– Eg såg ein kar på Disney Channel som viste fram nokre jojo-triks, og eg tenkte med meg sjølv: Er det mogleg å verte så god!?

Mannen var Grant Johnson, eit kjent namn for dei som driv på med jojo, men dei er det som sagt ikkje så mange av i Noreg. Det er ikkje akkurat ein folkesport. Men akkurat dette programmet var det som fekk Eirik til å kjøpe sin første jojo, og no får han også litt draghjelp frå Grant Johnson sjølv, via Facebook. Verda er lita på internett.

– Han har sagt at han skal til Tokyo, så eg håper å få møte han der. Han er mitt store førebilde.

LES OGSÅ: Med sopelime mellom beina

Sjå amerikanske Grant Johnson, som inspirerte Eirik til å byrje med jojo: 

Erfaring
Forventningane før VM held han på bakkenivå. Han er først og fremst med for opplevinga og erfaringane si skuld, og for å få knyte nye kontaktar. Jojo er stort i Japan.

– Og det er stort i USA og Tsjekkia. Dei fleste av deltakarane kjem frå desse landa. Eg håper å møte mange nye folk som deler mi interesse.

For deltakarane er mange, 800 i talet, og triksa er spektakulære. Eirik vil svært gjerne lære mykje meir. No ligg han i hardtrening og trenar fire-fem timar om dagen.

– Men ryk eg ut i første runde vert eg ikkje skuffa. Eg gler meg til å utforske jojo-miljøet.

Det er ein utfordrande konkurranse å vere med på for ein som ikkje har delteke i konkurransar før. Eirik har øvd inn program i tilfelle han når semifinale. Finale tør han ikkje ein gong å håpe på.

– Men så er det heile tida slik: Tenk viss. Det vil vere for dumt å nå til finale og stå der utan noko innøvd program. Så vi får sjå. Men som sagt er forventningane låge. Eg ønskjer å prestere, men har eit realistisk bilde på det heile.

Oppdrag
Og om jojo er stort i utlandet, er Eirik «Yoyo» stor i Noreg. Etter deltaking på TV2-programmet Norske Talenter i 2014, der han nådde heilt til semifinalen, har oppdraga stått i kø for den talentfulle unge mannen. Han reiser rundt med sine eigne jojo-show, og får gjere det han likar best.

Men det er ei tolmodsprøve. Det tek tid å lære nye triks, og det er krevjande å vere aleine om hobbyen.

– Men eg vert inspirert av å få desse oppdraga, og eg vert inspirert av at hobbyen min gleder andre. Det er også dei som har starta med jojo sjølv etter å ha sett meg, men det er snakk om unge folk. Det er også veldig motiverande.

Han triksar med jojoen medan han snakkar. Truleg ei ubevisst handling. Han har det i fingrane. På YouTube har han sin eigen kanal der han legg ut filmar. No har han også starta med blogg for å oppdatere sponsorar og andre interesserte om turen til Tokyo. Avreise er rett rundt hjørnet. Nervar har han ikkje hatt tid til å tenke på enno. Men kanskje kjem dei når han står andlet til andlet med dommarane, og har 30 sekund på å imponere dei i første runde.

– Ein liten feil der, og du ryk rett ut. I andre runde får du publikum. Då har eg eitt minutt på meg. Deretter er det semifinale og finale. I finalen må du ha eit program på tre minutt.

– Eg gler meg til å vise kva eg kan, og til å måle meg mot andre. Og så får eg jo ein tur til Japan med på kjøpet.