Isaksen: Fagskulane skal likestillast med universitet
Slik vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) auka statusen til fagskulane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Isaksen vil heva statusen til fagskulane
Noreg har i dag meir enn 100 fagskolar med til saman over 16.000 studentar. Men yrkesretta utdanning er ikkje godt nok kjent blant folk flest, meiner Isaksen.
LES OGSÅ: Røe Isaksen vil halvere talet på høgskular i Noreg
– Vi treng å gi desse fagskulane ein mykje større plass i utdanningssystemet. Dei har blitt stemoderleg behandla i årevis, seier Isaksen til Klassekampen.
Studentar ved fagskulane bør få same rettar og plikter som studentar ved andre former for høgare utdanning, foreslår Isaksen. Han varslar at dei første tiltaka i ei langsiktig satsing for å styrke fagskulane skal omfatte standardisering av skuleregelverket for utvising, sensur og eksamen. Departementet skal opprette ei nasjonal klagenemnd for fagskular, elevane skal få økonomiske rettar ved konfliktsaker med utdanninga, og det skal etablerast eit system for å få godkjent utanlandske fagskuleutdanningar.
LES OGSÅ: – Regjeringa forskjellsbehandlar badestudiane
– Mange ønskjer ei høgare utdanning utan å bli akademikar. Samtidig ser vi behovet for omskolering, no som arbeidsløysa har auka og jobbar forsvinn, i for eksempel oljebransjen. Fagskulane er ein del av løysinga på alle desse utfordringane, seier Isaksen.
Både LO og NHO er positive til dei varsla tiltaka frå Isaksen. (©NPK)