Tredobling av utvekslingselevar frå Noreg
3.500 norske ungdommar gjer seg i desse dagar klare for å reise ut i verda som utvekslingselev. Det er ny rekord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
3.500 elevar er tre gonger så mange som for 15 år sidan. 62 prosent av elevane som reiser er jenter.
– Verda har vorte meir tilgjengeleg. Ein har kanskje reist meir når ein er ung og ønskjer å oppleve endå meir, seier Madeleine Mowinckel, avtroppande president i ANSA, foreininga for norske studentar i utlandet til NRK.
Mowinckel fortel at det er mange grunner til at fleire ungdommar reiser ut i verda.
LES OGSÅ:Dyrast å studera i Australia
– Det er ein stor auke i organisasjonar som tilbyr utveksling for elevar på vidaregåande, seier ho.
Dei fleste elevane som vil oppleve eitt års skulegang i utlandet, reiser til USA. (©NPK)