Derfor har du alltid plass til dessert

Anders Veberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

"Dessertmagen" er eit kjend omgrep. Omtrent alle har ein, tydelegvis – sjølv om me veit godt at det ikkje finst ein ekstra magesekk som tek til seg kaker, sjokoladepudding og diverse anna snacks (sjølv om dette sikkert hadde vore praktisk).

No har ei ny studie klart å peika på nøyaktig kva det er som gjer at me på merkeleg vis alltid har plass til den ekstra sjokoladebiten. Det skriv Science Alert.

LES OGSÅ: Nordisk kosthald er bra for helsa

Ifølgje studia kan det heile skuldast eit hormon. Det har fått namnet GLP-1, og det har ei spesiell rolle i kroppen. Det er eit hormon som får kroppen til å stoppa med det den driv med – til dømes å trykka i seg sjokoladekake.

Med andre ord – har du mykje GLP-1 i kroppen, er det lettare å stansa med ting som desserteting.

Forskarane testa dette på mus – ei gruppe fekk ein ekstra dose GLP-1 i kroppen, medan den andre gruppa ikkje fekk det. Gruppa med GLP-1 åt langt mindre mat då dei fekk sjansen til å fråtsa – og resultatet vart endå tydelegare med feit mat.

No spørs det om ikkje GLP-1 i pilleform blir den nye slanketrenden. Men oppdaginga kan også brukast til mange andre ting, som å motarbeida diabetes og overvekt.

LES OGSÅ: Bli slank med kald pasta