Gatemagasina slit

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Dagsavisen. Gatemagasinet Klar på Sørlandet er eit av blada som kan risikere å måtte legge ned. Avisa skriv at dei har gått frå mellom 13.000 og 17.000 i opplag, til 5000.

– Eg gjekk nedover Karl Johans gate ein dag, og har som prinsipp at eg skal sjå alle henvendelsar eg får. Eg vart heilt stiv i maska av alle Erlik-seljarane, Frelsesarmeen, Leger utan grenser, Aftenposten-seljarar og romfolk. Eg trur folk går forbi og lukkar auga. Eg har snakka med andre gatemagasin som slit, og vi trur folk har byrja å ta oss forgjeve. Dei er så vande med oss, seier dagleg leiar og redaktør Oddmund Harsvik til Dagsavisen.

LES OGSÅ: – Alle prisar går til seljarane

Avhengig av venneapparat
Sorgenfri i Trondheim og Megafon i Bergen er to andre blad slit. På den andre sida finn me Erlik Oslo og Asfalt i Rogaland. Dei opplever også opplagsfall, men klarer seg greitt. Erlik Oslo opplevde eit stort opplagsfall frå 2013-14, men seier til Dagsavisen at dei klarer seg fint med eit snitt på 14.000 selde blad i månaden i fjor.

– Det går bra med oss, sjølv om eg veit det ikkje går så bra med einskilde andre. Det handlar om å ha gode vener. Utan venneapparatet som støttar oss hadde det ikkje vore mogleg for Erlik å gje ut blad, seier redaktør Lars Aarønæs.

LES OGSÅ: – Vi bør ikkje gje til tiggarar