Forskar: Verdsarv treng ikkje berre vera positivt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Telemark, Inger Birkeland, skreiv 15. juli eit lesarbrev i Aftenposten om den nyvunne verdsarven i Øvre Telemark. I innlegget skisserte ho opp nokre utfordringar regionen kan få som følgje med verdsarvstatusen.

LES OGSÅ: – Fantastiske nyheiter for Noreg og Telemark

Stor uvisse om konsekvensar
Industristadane Rjukan og Notodden har kome på verdsarvlista, og Birkeland meiner det er eit påfallande fråvær av kritisk diskusjon om utfordringane ved verdsarvstatusen.

Ho meiner ein verdsarvstatus fører med seg utfordringar. Blant dei at historieforteljinga vert påverka av verdsarvstatusen, at statusen verkar å vere ein redningsplanke for regionen, uvisse om økonomiske verknader og mange konsulentar med ja-rapportar.

Dette fall ikkje i god jord hjå fylkeskultursjefen i Telemark, Geir Berge Nordtveit. I Telemarksavisa går han hardt ut mot amanuensen, og reagerer på at ho signerer innlegget som førsteamanuensis ved Høgskulen i Telemark.

– Det er som om ho uttalar seg på vegner av høgskulen. Eg meiner ho burde uttalt seg som enkeltperson i kraft av sin tittel som dr.philos., eller noko sånt, seier han.

Full akademisk fridom
I eit lesarbrev under saka i Telemarksavisa skriv fylkeskultursjefen dette: «Det forplikter å underskrive med sin akademiske tittel og arbeidsplass. Da representerer hun både akademia og sin/vår egen høgskole, og ikke sin mening som privat person. Det synest vi er beklagelig, særlig i forhold til det partnerskapet fylkeskommunen har med Høgskolen i Telemark.»

Rektor ved Høgskulen i Telemark, Kristian Bogen, har ikkje sett seg inn i saka, men seier på generelt grunnlag at det er høgt under taket i akademia.

– Tilsette har full fridom til å seia det høgskulen meiner, og full fridom til å seia det motsette av kva høgskulen meiner. Birkeland er ein fagperson og har uttalt seg om fagfeltet sitt. Då er det heilt naturleg at ho signerer med institusjonen ho er fagperson hjå, seier han til NPK.

LES OGSÅ: Ordførar trur på gull frå gråstein