AUF-leiaren: – Ingen blir fødde til å hata

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må visa mot i møte med krefter som vil splitta samfunnet vårt. Det er ingen som blir fødde til å hata – hatet er menneskeskapt. Me kan ikkje vera likegyldige i møte med hat og framandfrykt, sa Hussaini i talen sin.

Viste til Syria
AUF-leiaren peika på at kampen mot terror held fram, og viste til åtaket i grensebyen Suruc i Tyrkia, der 32 menneske vart drepne måndag.

– Dei budde seg på å driva hjelpearbeid i krigsutsette Kobani i Syria. Ungdom som vil hjelpa, men som vart møtt med valden frå terroren, sa Hussaini.

Folk var samla i «bakken» Utøya medan AUF-leiaren, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og leiar Lisbeth Kristine Røyneland i Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli-hendingane heldt talar.

LES OGSÅ: Erna Solberg: – Vi minnest dei med kjærleik

Oppfordra til å vise omsorg
Støre starta med å takka alle som var kome til Utøya, og som hadde lagt ned ein innsats for å ordna til arrangementet, skriv VG.

– På denne dagen kan det eigenleg ikkje verte nok sagt: Tankane våre og støtta går til dei som mista, dei som saknar og dykk som har det vondt. Året har mange dagar, og vi lærer at for mange er årets dagar enno tunge, og nesten ikkje til å bera, sa Støre.

Han oppfordra dei frammøtte til å halda ei skulder ledig denne dagen og visa omtanke. Han skrytte òg over minnestaden som har fått namnet Lysninga.

– Ei lysning er det vi ynskjer å sjå når mørket sluttar seg om oss. Det gjer enno vondt å koma hit, men det er godt å vera saman, sa Støre.

LES OGSÅ: Halvparten av foreldra til 22.juli-offer er sjukemeldt