Norske barn best på vener

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vårt Land skriv at ei fersk undersøking gjort av Children´s Worlds (Barns verdener) syner at Norge ligg på topp i kategorien «Vennskap og andre forhald» blant . 90 prosent av alle dei norske barna i undersøkinga seier seg einig eller heilt einige i at dei har nok vener. Norske barn er også på topp når det gjeld å vere nøgd med venene sine og med forhaldet til andre menneske generelt.

LES OGSÅ:Kvite løgner gir sterke venskap

Viktig at det vert lagt til rette for sosialisering
Randi Dyblie er professor på Norsk senter for barneforsking ved NTNU. Til Vårt Land seier ho at ho ikkje er overraska over svara i undersøkinga.

– Eg vil heller seie at det ser ut som den norske skulen og ungane får att for at ein faktisk har lagt vekt på det sosiale. Og at det er viktig at det vert lagt til rette for at ungar kan vere saman på skulen og trivst saman.

LES OGSÅ:Færre elevar seier dei blir mobba

Lov å seie at ein kjedar seg på skulen i Norge
I den delen av undersøkinga som handlar om skulen, er ikkje barn i Norge fullt så nøgde. På spørsmål om dei føler læraren tek dei på alvor og behandlar dei rettferdig, hamnar dei eit lite stykke under toppen. På spørsmål om dei likar å gå på skulen ligg dei under midten.

– Det er kanskje ikkje så rart, seier NOVA-forskar Elisabeth Backe-Hansen, som har stått for den norske delen av studien.

Ho påpeiker at det i fleire av landa som hamnar over Norge på denne lista er eit privilegium å få gå på skule.

– I ein del av landa må foreldra ofre litt for å få gitt barna skulegong, medan i Norge får alle gå på skule, og det er greitt å si at ein kjedar seg.