Tøffare tider gir utradisjonelle salsmetodar
Forlag og forfattarar tek i større grad bruk sosiale media for å få seld bøkene sine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sel bøker på utradisjonelt vis
– Markedet er blitt utruleg mykje tøffare. Då eg debuterte i 1988 fekk eg både mediemerksemd og bokmeldingar. I dag er ein debutant heldig om han eller ho i det heile tatt blir intervjua, seier Tom Egeland til Aftenposten.
Avisa skriv i dag om utfordringa forfattarar har med å slå gjennom i Norge. Dei har vore i kontakt med fleire menneske i bokbransjen som bekreftar dette.
– På grunn av økonomiske utfordringar fokuserer media og bokhandlarane på færre titlar, såkalla «bestseljarar» som dei veit sel. Uetablerte forfattarar får mindre merksemd i dag enn for 20 år sidan og forsvinn difor raskare, seier Anne Oterholm, forfattar og tidligare leiar for Den norske Forfatterforening.
LES OGSÅ:Boksalet aukar
«Crowdsurfing»Aftenposten skriv at også små forlag må tenke utanfor boksen for å få seld bøker. For Christer Falck og Falck Forlag blei svaret «crowdfunding», eller folkefinansiering.
– Vi legg ut notisar på sosiale medium for å informere om at ei ny bok kjem. Deretter førehandskjøper folk boka. Slik veit vi frå starten av at vi ikkje tapar på utgivelsen. Prosessen er mye lettare enn dei fleste trur, seier Falck.
LES OGSÅ:Anleggsarbeidaren som vart forfattar
Avviser kritikken
Trinse Stensen, administrerande direktør i Bokhandlerforeningen, kjenner seg ikkje att i kritikken av bokhandlarkjedene og avkreftar at bokhandlarane ikkje tek vare på breidda i litteraturen.
– Vi sel totalt 40.000 norske titlar i året. Det syner at bokkundane ser forbi bestseljarane og kjøper veldig forskjellig, seier ho.