Skjulte 2 millionar kroner for kona i eit tre
Det regna pengar over den tyske byen Mirow denne veka. Ein mann hadde nemleg lagt 200.000 euro – 1,8 millionar kroner – i eit tre for å skjule dei for kona.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gøymde millionar i eit tre
Styresmaktene blei varsla etter at politiet fekk levert inn 50-eurosetlar av forbipasserande som hadde fått pengane på seg, fortel kringkastaren NDR 1 Radio MV fredag.
Test deg sjølv – kor mykje kan du om økonomi?
Då brannvesenet kom til staden fann dei ein plastpose hengande mellom to greiner i eit tre. I den låg det 200.000 euro, tilsvarande 1,8 millionar kroner etter dagens kurs.
Ein mann frå området hadde lagt posen der for å skjule han for kona si, ifølgje tyske Ostseewelle HIT-RADIO. (©NPK)