Gravrøvarar rota i kulturminne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Sunnhordland.

– Det ser ut som om nokon har grave målretta ned for å finna noko, og det heile minner mest om ein skattejakt, seier Bente Bjelland, kultur- og informasjonssjef i Fitjar Kommune.

Fredag 3. juli var arkeologar frå Fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen på synfaring innom gravrøysa på Rimsvarden i Fitjar. Det var då dei oppdaga kva som hadde skjedd.

Målretta graving
På austsida av gravrøysa vart dei merksame på eit om lag 70 centimeter djupt hol med ein diameter på rundt ein meter. Kring det utgrave området og nedetter sida på røysa låg det utkasta steinar. Arkeologane kunne også sjå ein del trekol mellom steinane i holet, som kan skrive seg frå ei sekundær grav.

 – Gravinga er veldig målretta, og difor verkar det nesten som om nokon har brukt metalldetektor for å finne ut kor dei skal grava, seier Bjelland.

LES OGSÅ: Gull og perler i vikinggrava

Kan få fengselsstraff
Ho påpeikar at sjølv om det kan liggje mykje interessant nede i gravrøysa, så er Rimsvarden eit freda kulturminne som er beskytta gjennom kulturminnelova. Gravrøysa er eit såkalla automatisk freda kulturminne frå bronsealderen.

– Slike inngrep i eit freda kulturminne er forbode ved lov, og blir i røynda straffa med fengsel og strenge bøter, opplyser kultur- og informasjonssjefen.

Difor blir tilhøvet på Rimsvarden no meldt til politiet av Fylkeskonservatoren.

– Ved særs skjerpande omstende er strafferamma for slike høve på inntil to års fengsel, opplyser Hallvard Bjørndal, jurist i Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.

LES OGSÅ: Her er dei beste kulturminne-kommunane

Alvorleg
Fitjar kommune ser svært alvorleg på saka. Bjelland har som oppgåve å ta vare på kulturarven vår, og vil oppmoda lokalbefolkninga til å følgje litt med.

– Meld frå til politiet og Fitjar kommune snarast råd dersom du oppdagar liknande utgravingar, og sjølvsagt om du ser mistenkjeleg aktivitet på og rundt gravrøyser i kommunen. Sei ifrå til folk om at det faktisk ikkje er lov, seier ho.

Bjelland understrekar at dersom nokon har grave i kulturminne og funne gjenstandar, så bør dei leverast inn snarast.