Slik såg det ut etter stormen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

– Dette var ein god test på kva tre som toler og ikkje toler vind, seier einingsleiar Tor Dalevold i Nes kommune.

Det var ved middagstider måndag at eit uvanleg kraftig uvêr raste over Nes. Regn og sterke vindkast kombinert med lyn og tore gjorde det nærmast umogleg å halde seg utandørs. Midt i Nesbyen knakk eit stort bjørketre som ei fyrstikk ved Essostasjonen, men utan å falle på huset.

LES OGSÅ: Korellrev er billeg vern mot ekstremvêr

Fall over huset
På Nesmoen derimot falt eit stor tre på eit bustadhus. Huset vart ikkje skadd.

På naboeigedommane gjekk store tre i bakken etter tur. Men ingen hus vart råka. Det vart derimot vegen til fleire bustadhus som vart sperra av tre som velta over vegen. I Rukkedalen gjekk straumen. Tre fall over 20 kv-lina mellom Høva i Nesbyen og Renslo i Rukkedalen. Straumen gjekk ved 13.30-tida og var borte i fleire timar.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

Alarmen gjekk
Ei mast på 132 kv-lina til Buskerud Energi sør for Nesbyen knakk i vindkasta.


– Det var også eit straumutfall i Flå sentrum, men det varte i fire minutt, seier avd. ingeniør Ragnar Øye i Hallingdal Kraftnett.

Brannalarmen gjekk på Elverhøy helsetun under uvêret, og Nes brannvesen rykka ut. Det brann ikkje på helsetunet.

– Men det er mogleg at eit lynnedslag utløyste alarmsystemet, seier Tor Dalevold. 


Vinden sørgde for ei effektiv felling på Nesmoen.


Ingen hus vart skadd då store tre gjekk i bakken på Nesmoen.


Vegen til fleire bustader på Nesmoen vart sperra av tre som hadde blåse ned.