Vegard Flo Volle (21) er i gang med det store eventyret. Søndag mønstra han på seglskuta Santa Maria Manuela.

Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Vegard er nemleg mannskap under Tall Ship Races, og skal vere med den portugisiske seglskuta frå Belfast i Nord-Irland til Ålesund.

– Eg har alltid hatt lyst til å prøve meg på ein seglbåt. Då eg såg det vart lyst ut etter mannskap, sa det berre pang, og eg søkte med ein gong, fortel Vegard.

I mars fekk han vite at han hadde fått plass om bord, og sidan har han gledd seg stort.

LES OGSÅ: – Kan eg få det til, så kan alle

Det er fyrste gong Vegard er om bord i ei seglskute, og han har ikkje så mykje erfaring frå seglbåtar elles.

– Det har berre vore nokre korte dagsturar. Det gjeld sjølivet elles også. Eg bur jo i Barstadvik, og har vore mykje på sjøen. Familien har båt og naust i Hjørundfjorden, men ute på det opne havet har eg ikkje vore tidlegare, fortel Vegard.

Difor veit han ikkje om han vert sjøsjuk eller ikkje.

– Eg er budd på at det kan skje, og eg er også budd på all slags ver. Eg håper det vert litt vind, for eg synest det er gøy når det er ting som skjer, seier Vegard.

Men fyrst og fremst håper han på at det vert ein minnerik tur.

– Eg trur det vert opplevingar å ta med vidare det å kunne segle ti dagar ute på havet, seier han.

Seglskuta Santa Maria Manuela er altså portugisisk, og ho vart bygt i 1937. Skuta har ei lengd på 67 meter.

Båten vart opphavleg bygt til fiske, og har mellom anna vore ved New Foundland på torskefiske.

Skuta har vorte restaurert, og er no altså deltakar i Tall Ship Races.

Overfarten frå Belfast til Ålesund er rekna å ta om lag ti dagar.

– Det er klart dette vert spennande. Det er jo konkurransesegling også. Eg reknar med det vert mykje arbeid om bord, og det er eg budd på. Det skal jo verte spesielt å få oppleve havdønningar med ei seglskute, seier Vegard.

Han har seg no eit friår, og skal arbeide hos Vartdal Plast etter at han kjem heim frå turen. Planen er å starte studiar i 2016.

Ålesund er gjestehamn under årets Tall Ship Races. Derifrå skal skutene mellom anna innom Ørsta i den konkurransefrie delen av seglasen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE