Brende svarte Malalas bøn

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka møtes verdas leiarar for samle seg bak ein felles innsats for utdanning under konferansen «Oslo Summit on Education for Development». 58 millionar born er i dag utan skulegang verda over, og FN sitt tusenårsmål om utdanning for alle er difor langt frå nådd.

LES OGSÅ: Fridomspris til Malala

Vil ha forpliktelse
På talarstolen stod mellom anna fredprisvinnar Malala Yousafzai. Ho bad verdas leiarar om å investere meir i utdanning. Ho er ein forkjempar for 12 års utdanning, og meiner grunnen til at ein ikkje får alle barn på skulebenken er mangel på forpliktelse, ikkje pengar.

– Eg er her som barnas stemme, som stemmen til dei over 60 millionane med jenter som er frårøva skulegang, sa Yousafzai frå talarstolen i følgje Aftenposten.

Doblar støtta
Denne oppfordringa har utanriksminister Børge Brende tatt til seg. Under konferansen kunngjorde han at Norge doblar støtta til utdanning innan 2017.  

– Fleire land må bruke meir ressusar på utdanning i si utviklingshjelp, men dei enkelte landa må også setje av meir tid, seier Brende til Aftenposten.

LES OGSÅ: Fint namn, men kva så?

Over halvparten i konfliktområde
Avisa skriv at konferansen er med på å forberede eit stormøte i Etiopias hovudstad Addis Abeba i midten av juli, der håpet er at pengane til utdanning strøymer inn. Eit av dagens tema har vore utdanning under kriser og konflikt. Meir enn halvparten av barna som ikkje får utdanning bur nemleg i konfliktområder.

–28,5 millionar born i konfliktområder får ikkje nokon form for skulegang, samanlikna med 25,2 millionar tre år tidlegare (frå 2008 til 2011). Samstundes har finansiering til utdanning i katastrofar gått ned, seier generalsekretær Tove Wang i Redd Barna, som er ein av medarrangørane til konferansen, til Aftenposten.