Diktartavla til Kjartan Hatløy

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjartan Hatløy får prisen Diktartavla 2015 for sitt markante forfattarskap, som starta i 1996 med diktsamlinga «Solreven». Sidan den gongen har det vorte tilsaman elleve diktsamlingar.

LES OGSÅ: – Eit kraftsentrum for poesi i Noreg 

Aure og kosmiske krefter
Diktaren frå Hyllestad i Sogn og Fjordane vart for alvor kjent for mange gjennom diktsamlinga «Kjøkkendikt», som vart nominert til Brageprisen i 2012.

Naturmotiva pregar poesien hans, som ofte kan tolkast som eksistensiell. Likevel er dei poetiske framstillingane av hegre, aure, tid og kosmiske krefter ikkje berre bilete på noko anna. Det er snarare desse fenomena sjølve som provoserer fram ei livsundring der alvor og uskyld er like nærværande, heiter det i pressemeldinga.

– Den nyaste utgjevinga, «Mi meinings hus»(2014), kan lesast som eit meisterleg poetisk uttrykk for ei heilskapeleg forståing av tilværet, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

LES OGSÅ: – Håpar diktarånda får leva vidare i Hauge-senteret 

Hauge sin sti
Diktarstien er plassert i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne.

Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Prisen vert gitt for heile forfattarskapen til ein forfattar og skal over tid fordelast likt på nynorsk- og bokmålspoetar. 

Den første dikttavla vart lagt ned allereie i 1992, men stien vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-års dag i 1993. Diktaren frå Ulvik var sjølv med på å ta initiativet til Diktarstien.

Kvar år vert det arrangert ein diktardag ved museet, og ei ny dikttavle vert lagt ned i stien.

LES OGSÅ: Mange bilete – inga sanning 

Hatløy og Mozart
Under prisutdelinga den 23. august vil Hatløy sjølv framføre utvalde dikt. Etterpå vert det klassisk konsert med pianist Inger-Kristine Riber og operasongar Ekatarina Kardakova, som framfører Mozart og Haydn.

Bilethoggaren Cecilie Broch Knudsen er ansvarleg  for utforming av tavlene.

Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

2014    Cecilie Løveid

2013    Arvid Torgeir Lie

2012    Ellen Einan

2011    Maria Parr

2010    Pedro Carmona Alvarez

2009    Ivar Aasen

2008    Eldrid Lunden

2007    Kolbein Falkeid

2006    Ole Paus

2005    Jakob Sande

2004    Jon Fosse

2003    Aslaug Vaa

2002    Anne B. Ragde

2001    Rune Belsvik

2000    Frode Grytten

1999    Ragnar Hovland

1998    Kjartan Fløgstad

1996    Halldis Moren Vesaas

1995    Jan Erik Vold

1994    Robert Bly

1993    Olav H. Hauge

1992    Terje Johansen