Nye aldersgrenser for film og tv

Grensene er utarbeida for å samsvare med barn og unge si utvikling.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 1.juli 2015 er det innført nye aldersgrenser på kino, men også på tv, bestillingstenester og andre stader kor ein syner film og program. Det skriv Medietilsynet på sine nettsider.

Skal følge utviklinga
Det er fleire som får større ansvar for at barn skal bli beskytta mot skadeleg innhald på skjermen. Medietilsynet har laga retningslinjer for alle som har ansvar for å setje aldersgrenser, samt for å syte for at det ikkje blir sendt innhald med høge aldersgrenser på offentlige steder der det er barn, skriv dei.

Dei nye aldersgrensene er tillatt for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år. Grensene er utarbeida for å samsvare med barn og unge si utvikling. Medietilsynet skriv at dei framleis skal setje aldersgrense på kinofilm, medan kringkastarar, bestillingstenester og video/DVD-distributørar no har ansvar for å setje aldersgrensa sjølv.