Som feiar får du sjå mykje rart på jobb – og bli nesten utdanna psykolog.

Joakim Rødven, Vikebladet Vestposten
Joakim Rødven, Vikebladet Vestposten

Saka var først hos Vikebladet Vestposten

Ettersom den tidlegare feiaren i Ulstein kommune har gått av med pensjon, er det no klart for nye og unge krefter i feiarvesenet. Med åtte års erfaring i Oslo Brann- og Redningsetat har Kay Holen Hendriksen (38) no starta på ein seks månadars prøveperiode, i tillegg til Marte Rewentlov Hansen (25) som har vore feiarlærling i Ulstein kommune dei siste åra.

Leiar for brannførebyggjande avdeling, William Bernt Ekeli, er veldig glad for å ha dei to feiarane på plass.

– Fagmessig er begge to heilt klart tipp-topp. Så eg håper jo at begge to blir verande så lenge som mogleg etter enda prøveperiode og lærlingtid, seier ein engasjert Ekeli.

LES OGSÅ: – Ein må tenkje som ein banditt

Ikkje brenn juletreet!
Dei to feiarane legg ikkje skjul på at det er stor variasjon i arbeidsdagen, og det er det mykje rart ein kan finne når dei er ute på oppdrag.

– Det er nokre som brukar tennvæske eller fyrer med juletre. Bleier har eg også sett! Så det blir mykje å tømme ut av sotluka. Då blir det også mykje slagg i pipa, seier Hendriksen.

Kva er det best å fyre med?

– Rein og tørr ved, slår Hansen fast. Hendriksen legg til at Bjørk er den enklaste fyringsveden, og at ein absolutt bør styre unna gran og furu.

Nesten psykologar
Sjølv om ein kanskje assosierer tenesta med reinsing av piper, er det mykje meir til jobben enn ein kanskje skulle tru. For feiing av pipene er berre ein liten del av jobben.

– Alt førebyggande arbeid er viktig, forklarar Hansen.

– Så mykje av arbeidet går også ut på å ha tilsyn og informere om branntryggleik, seier Hendriksen, og legg sterk vekt på at røykvarslarar er svært viktig å ha i orden.

I tillegg er begge feiarane einige i at den sosiale delen av jobben både er spanande og lærerik.

– Det er òg ein del folk som har så mange historier å fortelje, så ein lærer jo ein del. Også har vi jo tid til å ta ein kopp kaffi dersom dei ønskjer å snakke, supplerer Hansen.

– Ein møter så mange ulike mennesketypar, så vi vert nesten utdanna psykologar etter kvart, ler Hendriksen.

LES OGSÅ: På vakt med hundepatruljen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE