No er homoekteskap lovleg i USA
Kampen om like rettar for alle fekk ein stor siger i går, då amerikansk høgsterett gjorde homofilt ekteskap lovleg over heile landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Homoekteskap lovleg i USA
Avgjersla kom i går ettermiddag, norsk tid – 5 høgsterettsdommarar var for og fire var imot homofilt ekteskap. Det er nok til at også homofile og lesbiske par kan gifta seg i USA.
Dommen har blitt motteken med stormande jubel over heile verda.
LES OGSÅ: Homofobi, rasistar og ytringsfridom
– Denne retten skal ikkje nektast lenger. Ingen union er djupare enn ekteskapet, for i det ligg dei høgaste ideala for kjærleik, dedikasjon, offer og familie. I eit ekteskap blir to menneskjer større enn dei ein gong var, skriv høgsterettsdommar Anthony M. Kennedy i høve dommen, ifølgje New York Times.
Med eit nytt profilbilete på Facebook viste Det Kvite Hus si støtte til homofilt ekteskap. Tidlegare har president Barack Obama gått ut offentleg og støtta homofilt ekteskap, som den første amerikanske presidenten i historien.
Posted by The White House on 26. juni 2015
Obama er langt ifrå åleine om å vera positiv til homofilt ekteskap – i den siste tida har haldningane i USA endra seg mykje. Meiningsmålingar viser at fleirtalet i landet er positive, skriv VG.
LES OGSÅ: NFF tillèt regnbogeflogg
Mange jublar over avgjersla, også på Twitter:
Sometimes a great big smile is enough. Maybe a leap of pure joy & a whoop of delight. OK, a skip & a punch in the air too. #SCOTUSMarriage
— Stephen Fry (@stephenfry) June 26, 2015
Love won. #MarriageEquality
— Ellen DeGeneres (@TheEllenShow) June 26, 2015
Wow. Another historic day for #MarriageEquality! https://t.co/rkeVQUWb6r
— J.K. Rowling (@jk_rowling) June 26, 2015