Redningsselskapet vil ha strengare krav til båtførarprøven
Redningsselskapet ønskjer å innføre ein praktisk prøve for dei som tek båtførarbeviset.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha strengare båtførarprøve
I dag får ein båtførarbeviset etter å ha gjennomført teorikurs og avlagt teoriprøve. Desse krava ønskjer Redningsselskapet å skjerpe, melder NRK.
LES OGSÅ: Badetrend breier om seg
Kommunikasjonssjef Frode Pedersen vil ha ein praktisk del der kandidatane må køyre båt med ein kvalifisert instruktør.
– Det finst mange store og raske båtar, og når vi veit at ein 16-åring på vegen er nøydd til å ha sertifikat for å føre ein 50 kubikks moped, er det på tide at vi også innfører betre opplæring og meir kunnskap på sjøen, seier han. (©NPK)
LES OGSÅ: Håvard bur i båt året rundt