Ingebjørg fekk rommet pakka inn i 120 meter aluminiumsfolie

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den som ler sist, ler best

– Krigen starta då eg fann rommet mitt dekt i 120 meter med aluminiumsfolie, fortel Ingebjørg Vines.  Ho er avgangsstudent ved Høgskolen Stord/Haugesund, og fann fort ut at det var medstudentar og medbuarar på studentheimen på Stord som stod bak.

Ingebjørg Vines fekk med seg Geir Børre Røyset og Borghild O. Hodnefjell og danna eit lag saman mot Lina Bjørheim, Lars Hjalmar Holm Rosvoll og Ruby Elisabeth Johannessen.

– Me tok ein velfortent hemn ved at me blåste opp 900 ballongar med kompressor og fylte dei på rommet til Lars Hjalmar, fortel Ingebjørg Vines til Framtida.no.

Kva veit du om andre krigar? Test deg sjølv her!

Sjå bilde under:

Geir Børre Røyset (f.v.), Lars Hjalmar Holm Rosvoll, Borghild O. Hodnefjell og Ingebjørg Vines. Foto: privat

– Dette resulterte i nok ein hemn med 600 koppar med til saman 65 liter vatn på mitt rom, fortel ho. (Sjå bilde til høgre!)

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

«Den som ler sist…»
I helga fortalde Sunnhordland.no om den førebels siste episoden i den venskaplege «krigen».

Sjukepleiartudentane ved Høgskolen Stord/Haugesund var samla til avslutningsfest på Golfhuset på Stord i helga. Ingebjørg Vines hadde lagt store planar, slik at ho skulle få siste stikk før dei skildest.

Sjukepleiarstudenten kjøpte inn 600 meter plastfolie. Denne skulle ho surra bilen til venninna inn i. Men uti dei seine nattetimar då festen var over og Vines skulle byrja på det ambisiøse prosjektet var posen med plastfolie vekk.

– Eg leita febrilsk overalt, men han var forsvunne. Omsider måtte eg innsjå at plastfolien var tapt. Eg avslutta leiteaksjonen og gjekk heim og la meg, fortel Vines til Sunnhordland.no.

Men i buskane låg Lina Bjørheim og Lars Hjalmar Holm Rosvoll.

Sistnemnde jobbar på den lokale Kiwi-butikken og hadde skjønt at noko var i ferd med å skje då han såg at Ingebjørg Vines hamstra plastfolie på butikken. På finurleg vis klarte dei å få tak i plastfolien til Vines.

LES OGSÅ: Aprilspøken slo til 60 år etter

Då sjukepleiarstudenten skulle henta bilen sin dagen etter ved Golfhuset, fekk ho stadfesta at ordtaket «den som ler sist, ler best» stemmer.

Laurdag morgon stod det raude gliset til Visnes svaupt inn i 600 meter med plastfolie. 

– Me stod i ganske mange timar for å pakka bilen inn i plast, ler Lars Hjalmar Holm Rosvoll.

Bilen til Ingebjørg Vines blei svøypt i 600 plastfolie av Lina Bjørheim, Lars Hjalmar Holm Rosvoll. Foto: privat

– Heldigvis tok det berre eit par minutt å få bilen ut att. Men det var ein litt bitter følelse då eg faktisk hadde betalt for mi eiga prank, ler Ingebjørg Vines og legg til:

– Ein ting er sikkert, krigen er ikkje over!!

LES OGSÅ: «Kvil i fred på begge sider»