Fire brannmenn redda lam

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Saka var først publisert i Kvinnheringen. 

Eit lam hadde sundag klart å vandra inn i eit hundre meter langt dreneringsrøyr. Sju meter frå opninga i andre enden av røyret kom ikkje lammet lenger, fordi røyret var øydelagt. Det klarte heller ikkje å snu eller gå baklengs ut igjen. Eigaren av lammet ringde omgåande 110 og Atle Josdal, som var på vakt, fekk med seg tre kollegaer ut til staden.

– Det var eit gammalt dreneringsrøyr i betong og lammet hadde vandra inn i. Det var difor naudsynt å rekvirera ein gravmaskin for å grava oss ned til lammet, seier Josdal.

LES OGSÅ: Kan sauen redde verda? 

Sjølv om røyret strekte seg over naboen sin grunn, fekk dei god hjelp av grunneigar til å redda lammet. Brannvesenet rosar både eigar av lammet og grunneigar for god innsats. Han meinar at det er like viktig å reagera, anten det er menneske eller dyr i livsfare.

– Dersom nokon ser eit menneske eller dyr som er i fare, oppmodar me dei til å ringa oss, seier Josdal.

Han har ikkje vore borti så mange redningsaksjonar med lam før, men har erfaring frå å redda både kattar, hundar og kyr.

Det tok dei om lag tre timar å grava seg ned til lammet, som omsider fekk koma attende til mammasauen.