Lien: Inga krise i oljeindustrien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet er basert på ein gjennomgang som DNB Markets har gjort og byggjer på dei lågaste kuttanslaga oljeselskapa har gjort. Talet stig til 22.805 oljejobbar dersom eit høgare anslag blir lagt til grunn, skreiv Stavanger Aftenblad onsdag.

LES OGSÅ: Tretten kommunar jobbar ikkje med olje

Krise eller ikkje krise
Lien meiner det er behov for endringar i oljebransjen og han trur ikkje at ein er ferdig med å kutte enno.

– Vi er nøydde til å jobbe smartare og meir effektivt. Det er ei krise for dei som blir ramma, for vanlege folk, men for industrien er det ikkje ei krise, seier Lien til Dagens Næringsliv.

Oljeleverandør Ståle Kyllingstad, eigar av IKM Gruppen, har måtta redusere bemanninga med drygt 150 tilsette. Han meiner ordet krise har blitt misbrukt før, men seier det no er alvor. Han irriterer seg over haldninga til statsråden.

– Eg irriterer meg over dei som seier det ikkje er ei krise. Krisa kom i mai, og dersom dei ikkje har fått det med seg, er det sjokkerande. Alle som meiner det ikkje er ei krise, jobbar enten i eit stort internasjonalt selskap der dei alltid har pengar, eller dei er politikarar eller andre med ein annan agenda, seier Kyllingstad.

LES OGSÅ: New York Times: Olje-Noreg er hyklersk

Ingen krisetiltak
Lien ser annleis på det og viser til at oljeindustrien heilt sidan nedturen i 1998– 2001 har vore gjennom ein den største oppturen gjennom tidene. Det som skjer no, er ei nødvendig omstilling, meiner han, og legg til at det difor heller ikkje er behov for krisetiltak for å dempe aktivitetsfallet. (©NPK)