Amandaprisnominert for debuten

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei beste filmane i år

I dag vart nominasjonane til årets Amandapris offentleggjort. Her gjer filmar basert på nynorske suksessromanar det godt. «Kvinner i for store herreskjorter» og «Her er Harold» er nominert til fire prisar kvar.

LES OGSÅ: Med spelefilm og bok om brotne draumar

Øyehaug Amandaprisnominert
Fleire av skodespelarane i «Kvinner i for store herreskjorter» basert på Gunnhild Øyehaug sin roman «Vente, blinke» har utmerka seg og vorte løna med gjeve nominasjonar.

26 år gamle Inga Ibsdotter Lilleaas frå frå Ål i Hallingdal er nominert i kategorien beste kvinnelege hovudrolle, medan medspelarane Hallvard Holmen og Anne Krigsvoll er nominert i kategoriane beste mannlege- og beste kvinnelege birolle.

Øyehaug sjølv er nominert for beste filmmanus saman med regissør Ingvild Sve Flikke, som har vore med å tilpassa «Vente, blinke» til filmformatet.

LES OGSÅ: Inga fekk dialekthjelp av bestemor

Hemntoktet til Harold
I alt fire nominasjonar går til «Her er Harold», som er basert på Frode Grytten-romanen «Saganatt».

Det er regissør Gunnar Vikene som har fått lov til å ta den eleville historia om Harold si hemntokt mot IKEA-gründer Ingvar Kamprad til det store lerretet.

Filmen er nominert i kategoriane beste foto, beste scenografi og beste regi.

I tillegg er hovudrolleinnehavar Bjørn Sundqvist nominert i kategorien beste mannlege hovudrolle for sin innsats som den ruinerte møbelforhandlaren frå Åsane.

LES OGSÅ: Manusmekkaren

Med heile seks nominasjonar er det Bent Hamer sin «1001 gram» som er årets nominasjonssankar. Filmen er mellom anna nominert til beste film, saman med «Mot naturen» av Ole Giæver og rånefilmen «Børning».

kinosuksessen «Børning» er det ein annan debutant som utmerkar seg. 15 år gamle Ida Husøy er nominert i kategorien beste kvinnelege birolle for sin innsats som bilinteresserte Nina, som vert med far på eit billøp frå Oslo til Nordkapp.

«Børning» er spesiell i norsk samanheng fordi han er resultat av eit digert spleiselag frå det norske bilmiljøet. Oppfølgjaren har ikkje fått støtte av Norsk Filminstitutt (NFI), men folkeengasjementet for å få laga «Børning 2» er allereie i gang.

LES OGSÅ: Ei annleis eksosrype

Brødre og pelsdyr
I kategorien beste dokumentarfilm finn ein tre svært ulike og omdiskuterte filmar. I filmen «Brødre» har dokumentarist Aslaug Holmfilma sine to søner i åtte år.

Tonje Hessen Schei har fått mykje merksemd både i inn- og utland med sin kritiske dokumentarfilm «Drone», der ein mellom anna møter ein amerikansk soldat som fortel om sine erfaringar.

I tillegg er Brennpunkt-dokumentaren «Pels» nominert. Dokumentaren der ein dyrevernaktivist infiltrerer ein pelsdyrfarm med skjult kamera under dekke av å ville starte opp sjølv har vakt sterke reaksjonar etter at han vart vist på NRK. Funna sjokkerte mange, men filmskaparane fekk òg kritikk for metodane som vart nytta. 

Sjå lista over alle dei nominerte her.