Ho er heilt sjef
Fulltidsbonde og leiar i Akershus Bygdeungdomslag Marthe Bogstad (25) kan smykka seg med tittelen «Helt sjef 2015».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er utruleg givande å engasjere seg, ta ansvar og sjå resultat av det ein gjer. I Akershus Bygdeungdomslag har eg gleda av å jobba med 850 vener som bidreg på dugnadsbasis for å skape liv og samhald, og på garden er eg min eigen sjef og har gleda av å sjå resultat av eigen innsats kvar einaste dag, seier Marthe Bogstad til Romerikes Blad.
LES OGSÅ: Pris til landets yngste hotellsjef
Fulltidsbonde med kapteinsbind
I dag vart ho den tredje vinnaren av den årlege toppleiarkåringa «Helt sjef». Prisen er eit samarbeid mellom interesseorganisasjonen Lederne og McDonald og tek sikte på å auke interessa for leiarskap blant unge.
«Helt sjef» går til eit inspirerande og initiativrikt leiaremne under 30 år og i år var dette ein ung og engasjert fulltidsbonde frå Akershus – som i tillegg har tid til å vera kaptein på det lokale damelaget.
Juryen vart imponert over Bogstad sitt levande engasjement for nærmiljøet og kalla vinnaren«ei tøff jente med eit enormt pågangsmot».
Ho har sunne verdiar, viser handlekraft og bryr seg om norsk matproduksjon, heiter det vidare i grunngjevinga.
LES OGSÅ: Gransking: – Kvinneleg sjef er best
250 nominerte
Kåringa er open for nominasjonar, og i år kom det inn i 250 forslag frå publikum. Blant 20 semifinalistar vart ti finalistar stemt fram til finalen. Til slutt er det fagjuryen, leia av Frode Kyvåg, som har siste ordet.
Vinnaren av «Helt sjef» får ei reise til 20.000 kroner, samt eitt valfritt kurs i regi av Lederne og ein eigen leiarcoach i eitt år.
Faktaboks
Prisen «Helt sjef» vert årleg delt ut av interesseorganisasjonen Lederne og McDonald’s
Målet er å auke interessa for leiarskap blant unge, basert på norske verdiar, og inspirere ungdom til å skape seg ein karriere
Fagjuryen: Tidlegare Norway Cup-general Frode Kyvåg (leiar), komikar Nils Ingar Aadne, oljeanalytikar i Nordea Markets Thina Saltvedt, dagleg leiar i McDonald’s Asbjørn Riddervold, ingeniør i Skanska Line Folstad, og leiar i Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) Stian Seland.
Kjelde: Helt sjef