Slik blir du betre i golf

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter eit flott svev forsvinn golfballen bak ein haug langt der ute i Sveio Golfpark. Me går bort for å leita.

– No ligg han litt i leio, seier Even Dueland (21).

– Inga god plassering, svarar Bård Skogen (13).

– Du kan droppa ballen, mot eit straffeslag, held Dueland fram.

– Eg prøver, svarar Bård og svingar golfkølla. Rett i gjørma. Ballen røyrer seg ikkje av flekken. Men eit par slag seinare flyg både gjørme og ball utpå graset, eller fairwayen som det heiter på golfspråket. Dei neste slaga går meir eller mindre smertefritt.

Flotte omgjevnader i Sveio Golfpark. Bård Skogen og Even Dueland spelar her seg gjennom hol 6. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Unge golfarar

Bård Skogen og Even Dueland i Haugaland Golfklubb er i golfparken denne vårdagen for å trena. 21-åringen Dueland har eit handikap på 7.1 og veit godt kva han held på med ute på fairwayen.

Makker Bård Skogen, berre 13-år gammal, har eit handikap på låge 2.9 og er ein av dei beste og mest lovande unge golfspelarane i Norge. I fjor representerte Skogen Norge i Frankrike, og han har gjort det bra innan sporten dei siste åra.

– Eg har vel ikkje klart å slå Bård her på banen endå i år. Han er ein fokusert og målbevisst spelar, fortel Dueland.

– Eg har sagt det til han før. Så lenge han klarar å halda seg unna damer, bilar og alkohol, så kjem han til å nå langt. Ein kan seia kva som helst til han under spelet, men ein klarar ikkje å psyke han ut, held han fram.

– Jo, du klarar å psyke meg ut. Om du pratar om damer så, seier Bård tilbake med eit smil.

Litt speling i gjørme må til somme tider. Bård Skogen fekk til slutt golfballen ut på fairwayen att og raskt i holet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Alt tel

Even Dueland har spelt golf sidan han var 11 år. Og Bård Skogen sidan han var berre tre. Det skulle kanskje berre mangle at nesten alle slaga dei utfører er meir eller mindre «perfekte» når Sunnhordland slår følgje med dei ute på banen. Dugleik har nesten alt å seia, men også utstyret er med på å dra noko av lasset, spesielt når ein byrjar å nærma seg nivået til desse to. Medan me går ute på banen, planlegg dei slaga omtrent ned på meternivå.

Me treff på ein stolpe som signaliserer 150 meter til flagget. Ein skulle kanskje tru at dette var nok informasjon til å velja rett kølle, og passande slagkraft. Men Bård Skogen tek likevel opp ein kikkert med laseravstandsmålar.

– 154 meter, seier han. Og finn fram golfkølla og slår eit flott slag susande mot flagget.

– Dersom ein heile vegen slår ti meter kortare, må ein ha fleire slag, konstaterer 13-åringen, som for nokre år sidan flytta i lag med familien frå Etne til Sveio for å kunne satsa på golf.

– Banen sitt par er på 72. Eg bør liggja på maks 76 slag, held han fram.

Bård Skogen (f.v.) og Even Dueland trivst med å spela golf – og har spelt mykje dei siste ti åra. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Gode råd

Dei to har fleire tips og triks å komma med. Men til spørsmålet om deira beste råd til nye golfspelarar, har dei følgjande svar:

– Mitt beste tips er at ein til å byrja med får hjelp av proffe golfspelarar, som kan instruera, slik at ein gjer det rett frå starten av, seier Skogen kontant.

– Og bruk tid på driving rangen, skyt fleire ballar enn du trur du klarer, legg Dueland til.

Ifølgje dei to skyt dei minimum fire fulle golfbøtter med ballar kvar gong dei er på ein driving range. Dette svarar til kring 200 golfballar, kvar gong.

Gavin Hinds i Sveio Golfpark er nøgd med parken dei har opparbeidd seg gjennom åra. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Fleire lokale golfbanar

Haugaland Golfklubb har per i dag 730 medlemmer og Sveio Golfpark strekkjer seg med sine 18 hol over heile 1.500 mål like ved Sveio sentrum.

– Området er så stort at ein nesten har parken for seg sjølv om ein speler åleine, seier dagleg leiar Gavin Hinds i Sveio Golfpark.

Han fortel også om eit rikt dyreliv, med alt ifrå salamandrar til ørn og orrhøner i golfparken. Medan Sunnhordland var innom fekk me også auge på eit rådyr ute på banen.

Even Dueland set inn ein susar. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Forutan Sveio Golfpark, held også Stord Golfpark vinterope. Ifølgje dagleg leiar Ottar Grødem har golfaktiviteten teke seg opp på Stord dei siste åra, sjølv om medlemstalet i Stord Golfklubb har vore forholds stabile. I dag tel dei rundt 330 medlemmer. Stord Golfpark held til ute på Tyse, og har ein 200 måls park fordelt på 9 hol.

– Me har i snitt 45 spelarar med på kvar tysdagsturnering, seier Ottar Grødem.

Det er også golfbane på Husnes (9 hol), medan det er kortholsbanar i Kristtornskogen på Stord, og på Tysnes, såkalla pich & putt-banar. Felles for dei aller fleste golfbanar er at dei ligg i naturskjønne omgjevnader. Det gjer i høgste grad banen i Sveio, som også er eit populært turområde om ein ikkje har køller og bag med seg.

Les saka i Sunnhordland!