Lærdal tente mykje på krisene

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det sa Solheim under landstinget til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) som blir arrangert i dag og i morgon på Gol.

Eit tema er omdømebygging for kommunane, og det er på dette feltet Lærdal har tent mykje, meiner Solheim i følgje ei pressemelding.

– Katastrofar som Dagmar, storbrannen i Lærdal og flaumen i fjor haust har sett fokus på Lærdal på ein måte som var utenkjeleg før katastrofane råka. Mediekapitalen, omdømet og omtalen av Lærdal har eksplodert, og no, halvanna år etter storbrannen, har eg riksmedia på kontoret nær ein gong i veka, sa Solheim.

Ifølgje pressemeldinga frå LNK førte storbrannen i Lærdal til at kommunen fekk 7000 oppslag i nasjonale og internasjonale media i januar 2014.

LES OGSÅ: Stor fare for vårflaum i vest