– Den noverande måten å organisera 4H Norge på er ikkje levedyktig, slår ei arbeidsgruppe i 4H fast og lanserer fire nye modellar å organisera arbeidet på.

(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):

– Modellane omfattar alt frå full desentralisering til full sentralisering, seier generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang i 4H Norge, til Nynorsk pressekontor.

Ho er sjølv medlem av arbeidsgruppa, som i helga la fram forslag til snuoperasjon for organisasjonen.

LES OGSÅ: 4H med krevjande snuoperasjon

Må spara 8 millionar
Arbeidet starta på nyåret etter at Stortinget før jul vedtok at det frå 1. juli neste år er slutt på ordninga med gratis kontorplass for 4H Norge hos fylkesmannsembeta rundt om i landet. I praksis reknar organisasjonen med at dette utgjer 6,15 millionar kroner i auka utgifter til kontorhald. Det betyr at 4H må sjå på andre løysingar for dei 55 tilsette.

Den økonomiske utviklinga i organisasjonen elles gjer at fylka og sentralleddet dessutan må spara inn ytterlegare nærmare to millionar kroner. Til saman må utgiftene altså reduserast med rundt 8 millionar kroner.

Desentralisering og omfordeling
Den første modellen går ut på å gjennomføra alle kutta på hovudkontoret og redusera talet på tilsette frå 12 til maksimum tre. Men arbeidsgruppa meiner denne modellen er uaktuell fordi 4H då blir ståande utan eit nødvendig hovudkontor.

Omfordeling av pengane frå sentralt hald til fylka er stikkord for modell nummer to. Ein tanke er at 4H sentralt dekkjer utgifter til kontorplass og ein tilsett i kvart fylke.

Eit anna alternativ kan vera at fylke med fleire medlemmer får fleire tilsette, noko som igjen kan opna for ei forsiktig regionalisering.

Arbeidsgruppa meiner sjølv modellen er uaktuell fordi han «langt på veg tar frå fylkesstyra råderett over eigen økonomi og reduserer fylkesøkonomien drastisk.»

Regionalisering og sentralisering
Den tredje modellen er ei form for regionalisering og går ut på å kutta stillingar på fylkeskontora og samla dei regionalt. Fylke med flest medlemmer vil då bli prioritert. Forslaget inneber å redusera talet på daglege leiarar frå 18 til 9.

Den fjerde og siste modellen går ut på å samla alle dei nasjonalt tilsette på eit stor hovudkontor. Fylke som har økonomi til det, kan likevel ha eigne tilsette.

Uansett kva løysingar som blir valt, vil det krevja ei stor omstilling, slår arbeidsgruppa fast og peikar på at nedbemanning ikkje er til å unngå.

Fredag 12. juni skal styret i 4H Norge koma med si tilråding i saka til landsmøtet.

– Fram til då kan fylkeslaga koma med innspel og eventuelt forslag til andre modellar, seier Sølvi Egner-Kaupang. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdomsråd kjempar for 4H

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE