Breidd utan brodd

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta var først publisert i Dag og Tid.

Førehandssalet til Festspillene i Bergen er det høg­­aste på ti år. Jamvel om 2014 var eit rekordår, er det no gått opp med ytterlegare 22 prosent.

Det verkar som om festspelleiinga måler suksessen sin i talet på selde billettar. Då er dette eit framlegg til korleis dei kan nå nye høgder neste år: meir afrokubansk rytmefest på Logen teater, fleire «hiphop-workshops» på Edvard Griegs plass, meir elektronika med Röyksopp på Den nasjonale scene og fleire visekveldar i Grieghallen med vise­kong­en av Bergen, Jan Eggum.

Om dei derimot sluttar å vera så einsidig opptekne av publikumstal og heller tenkjer kvalitet framfor kvantitet, vil det vera mogeleg å venda attende til det Festspillene i Bergen ein gong var. Men det kjem ikkje til å henda – ikkje så lenge Anders Beyer sit i direktørstolen.

LES OGSÅ: Frå São Paulo til Festspillene

Festspel for alle
For kva er det Beyer vil ha? Han vil «utvida, utforska og utfordra festspillsjangeren» og slik skapa «større bredde».

Kort sagt: Han vil laga festspel for alle, og då er hiphop og visekveld naturlege val. Problemet er at di meir han freistar å gjera alle publikumsgrupper til lags, di meir han utvidar repertoarpaletten og utfordrar Festspillene som sjanger, di meir ordinær blir festivalen.

Med sitt tredje festivalprogram held Beyer altså fram med å vatna ut det som ein gong var ein tung, klassisk fundert festival, Nordens største i sitt slag.

LES OGSÅ: Pussy Riot til Festspillene

Føremålspragrafen
Det er underleg at ikkje Beyer møter meir motbør frå festivalstyret, der styreleiaren Åse Kleveland representerer staten.

Føremålsparagrafen til stiftinga Festspillene i Bergen er tydeleg: Dei har som føremål å «organisera kunstnarlege arrangement på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå». Dei skal gje eit bilete av «dei beste norske og internasjonale kunstproduksjonane innan musikk, men òg ballett, opera, teater, folklore og andre kunstartar». Og målsetjinga deira er å vera «den fremste norske manifestasjonen i sitt slag, med internasjonal gjennomslagskraft».

Blar me gjennom programheftet for 2015, er det mykje som skurrar i høve til føremålsparagrafen. Det mest eklatante dømet er Jan Eggums prominente plass i programmet, med ein konsert i Grieghallen, som lovar «gjenhør med Eggum-klassikarar». Representerer dette det beste av norske og internasjonale kunstproduksjonar innanfor musikk? Og har det internasjonal gjennomslagskraft?

LES OGSÅ: Fosse-premiere til Festspillene

Beyer må våga
Ikkje eitt vondt ord om Eggum i og for seg; han er ein anerkjend musikar med førti års røynsle som plateartist. Det er sjangervalet i programmeringa som sjenerer.

Saka er den at det frå før finst så mange festivalar i Noreg som er naturlege Eggum-habitat (ikkje minst Nattjazzen, som går parallelt med Festspillene), og så mange einskildarrangørar som med hjartans glede arrangerer både afrokubanske rytmefestar og elektronika-konsertar. Strykekvartettar og samtidsballettar er det derimot få festivalar som tillèt.

Som éin av dei seksten norske knutepunktfestivalane blir Festspillene særhandsama gjennom statsbudsjettet – dei kring tjue millionar kronene Kulturdepartementet skaut inn i fjor, utgjorde over ein tredjedel av inntektene. Er det rett at denne statsstønaden skal gå til visekveld med ein artist som kva tid det måtte vera, vil kunna fylla Grieghallen på eiga hand?

Skal ein definera ein festival, lyt ein òg utdefinera. Direktøren Beyer må våga ein tydelegare profil med større kunstnarleg tyngd og innsjå at Festspillene ikkje treng vera ein festival for «alle».