For fyrste gong i Medaasprisen sin 15 år lange historie vert det delt ut to prisar.

Faktaboks

Tidlegare vinnarar

2014: Salhusvinskvetten

2013: Claus Sellevoll

2012: Jan Eggum

2011: Fargespill

2010: Helge Jordal

2009: Øystein Sunde

2008: Olav Stedje

2007: Jan Arvid Johansen

2006: Arne Bøe (og Heimalanne’)

2005: Odd Nordstoga

2004: Inga prisutdeling

2003: Unni Løvlid

2002: Sturla Eide Sundli

2001: Linda Røyseth

2000: Linda Fosse Hagen

Kjelde: Medaasprisen

LES FAKTALUKK FAKTA

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt.

LES OGSÅ: Kråkevik-framsyning på tv

Kenneth og Kråkevik
I år har juryen valt ut den folkekjære musikaren og skodespelaren Herborg Kråkevik frå Jondal i Hardanger.

Etter å ha kuppa det lokale Ten Sing-koret, starta ho karriera med å vinna Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Hordaland i 1992. Etter berre eit år i Guildford School of Acting i Surrey i England slutta ho for å spele kabaret på Zachariasbryggen i Bergen saman med gitaristen og komponisten Kenneth Sivertsen. I fire år opplevde paret ein formidabel suksess, både på Vestlandet og i Oslo.

I 1995 hausta Herborg stor suksess for si sjølvkomponerte framsyning «Haugtussa» basert på Arne Garborgs diktsyklus. Eit prosjekt som òg resulterte i albumet «Mi Haugtussa» og turné. Herborg Kråkevik har sidan opplevd eventyrleg suksess, anten det har vore plateinnspelingar, kabaretar eller skodespel, seinast i Bergen på Den Nationale Scene, i rolla som Petra i musikalen «Hellemyrsfolket» basert på romanserien til Amalie Skram.

Kråkevik er ein høgt skatta kulturformidlar. Ho viser i all si framferd stor kjærleik til heimbygda, språket, tradisjonane, identiteten, og sist men ikkje minst den norske kulturen. Herborg Kråkevik har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra og har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser, meiner juryen.

LES OGSÅ: Dialektreise med Prøysen i bagasjen

Stolt stril
Den andre prisvinnaren, strilen Jon Eikemo kjem frå frå Breistein i Åsane.

Han har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i Norge, lengst ved Det Norske Teatret der han var frå 1978 til 2010. I tillegg til mange store roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. 

Juryen peikar på at Eikemo har vore busett det lengste av livet i Oslo, men har aldri gløymt kor han kjem i frå. Han har alltid stått opp for strilekulturen og morsmålet sitt, og har lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet ved å bruka sin eigen dialekt på scena. Å formidle ordkunst slik Jon Eikemo har gjort i over femti år, utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie.

Jon Eikemo er høgt dekorert for sin innsats i norsk kulturliv der han allereie i 1979 vann spellemannsprisen i open klasse for si tolking av Jakob Sande sine dikt. I 1991 gav Eikemo diktaren frå Fjaler eit nytt løft, då han i samarbeid med Vidar Sandem på Det Norske Teatret laga ei framsyning på diktinga til Jakob Sande. For denne oppsetjinga med tittelen «Jakob Sande & Jon Eikemo-Trur eg..», fekk strilen kritikarprisen og la heile landet for sine føter.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

Prisane vert delt ut under Medaaspriskonserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 27.september 2015.

Test deg sjølv: Kor god er du i strilemål?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE